창세기 5장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 창세기 (Genesis) · 32절
- 1 Dette er boki um Adams-ætti: Den dagen då Gud skapte menneskjet, skapte han det i Guds likning.
- 2 Til kar og kvinna skapte han deim. Og han velsigna deim, og kalla deim menneskje den dagen då dei vart skapte.
- 3 Då Adam var hundrad og tretti år gamall, fekk han ein son som var so lik honom som det skulde vore hans eige bilæte, og han kalla honom Set.
- 4 Og etter han hadde fenge Set, livde han endå åtte hundrad år, og fekk søner og døtter.
- 5 Og alle livedagarne hans Adam vart ni hundrad og tretti år. So døydde han.
- 6 Då Set var hundrad og fem år gamall, fekk han sonen Enos.
- 7 Og etter han hadde fenge Enos, livde han endå åtte hundrad og sju år, og fekk søner og døtter.
- 8 Og alle dagarne hans Set vart ni hundrad og tolv år. So døydde han.
- 9 Då Enos var nitti år gamall, fekk han sonen Kenan.
- 10 Og etter han hadde fenge Kenan, livde han endå åtte hundrad og femtan år, og fekk søner og døtter.
- 11 Og alle dagarne hans Enos vart ni hundrad og fem år. So døydde han.
- 12 Då Kenan var sytti år gamall, fekk han sonen Mahalalel.
- 13 Og etter han hadde fenge Mahalalel, livde han endå åtte hundrad og fyrti år, og fekk søner og døtter.
- 14 Og alle dagarne hans Kenan vart ni hundrad og ti år. So døydde han.
- 15 Då Mahalalel var fem og seksti år gamall, fekk han sonen Jared.
- 16 Og etter han hadde fenge Jared, livde han endå åtte hundrad og tretti år, og fekk søner og døtter.
- 17 Og alle dagarne hans Mahalalel vart åtte hundrad og fem og nitti år. So døydde han.
- 18 Då Jared var hundrad og tvo og seksti år gamall, fekk han sonen Enok.
- 19 Og etter han hadde fenge Enok, livde han endå åtte hundrad år, og fekk søner og døtter.
- 20 Og alle dagarne hans Jared vart ni hundrad og tvo og seksti år. So døydde han.
- 21 Då Enok var fem og seksti år gamall, fekk han sonen Metusalah.
- 22 Og etter han hadde fenge Metusalah, gjekk han på Guds veg i tri hundrad år, og han fekk søner og døtter.
- 23 Og alle dagarne hans Enok vart tri hundrad og fem og seksti år.
- 24 Enok gjekk på Guds veg, og brått vart han burte; for Gud tok honom til seg.
- 25 Då Metusalah var hundrad og sju og åtteti år gamall, fekk han sonen Lamek.
- 26 Og etter han hadde fenge Lamek, livde han endå sju hundrad og tvo og åtteti år, og fekk søner og døtter.
- 27 Og alle dagarne hans Metusalah vart ni hundrad og ni og seksti år. So døydde han.
- 28 Då Lamek var hundrad og tvo og åtteti år gamall, fekk han ein son,
- 29 og kalla honom Noah, og sagde: «Han skal hugga oss i arbeidet vårt, og i alt vårt slit og slæp på den jordi som Herren hev forbanna.»
- 30 Og etter han hadde fenge Noah, livde han endå fem hundrad og fem og nitti år, og fekk søner og døtter.
- 31 Og alle dagarne hans Lamek vart sju hundrad og sju og sytti år. So døydde han.
- 32 Då Noah hadde fyllt fem hundrad år, fekk han sønerne Sem og Kham og Jafet.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗