창세기 4장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 창세기 (Genesis) · 26절
- 1 Og Adam budde saman med Eva, kona si, og ho vart med barn, og åtte Kain. Då sagde ho: «Ein son hev eg fenge av Herren!»
- 2 Sidan åtte ho Abel, bror hans. Og Abel vart sauehyrding, og Kain var jorddyrkar.
- 3 Og det hende, då det leid av ei tid, at Kain bar fram åt Herren ei gåva av grøda på marki.
- 4 Og Abel bar og fram ei gåva, og han gav av frumselambi or fenaden sin og feittet deira. Og Herren såg blidt til Abel og gåva hans,
- 5 men ansa ikkje Kain og hans gåva. Då vart Kain brennande harm, og stirde nedfyre seg.
- 6 Og Herren sagde til Kain: «Kvi er du harm, og kvi stend du og stirer nedfyre deg?
- 7 Hev du godt i tankar, kann du ikkje då lyfta upp augo? Og hev du ikkje godt i tankar, so ligg syndi framfyre døri og lurer. Ho trår etter deg, men du lyt halda henne i age.»
- 8 Og Kain sagde det med Abel, bror sin. Og det gjekk so til, medan dei var utpå marki, at Kain rauk på Abel, bror sin, og slo honom i hel.
- 9 Då sagde Herren til Kain: «Kvar er Abel, bror din?» Og han svara: «Eg veit ikkje. Skal eg gjæta bror min?»
- 10 Då sagde han: «Kva hev du gjort! Høyr, blodet åt bror din ropar til meg frå jordi!
- 11 Og no skal du vera bannlyst frå den jordi som let upp munnen og tok imot blodet åt bror din av di hand.
- 12 Når du dyrkar marki, skal ho ikkje meir gjeva deg sin avle. Heimlaus og fredlaus skal du vera på jordi.»
- 13 Då sagde Kain til Herren: «Skuldi mi er større enn eg kann bera.
- 14 Sjå, du driv meg i dag ut or landet, og eg lyt løyna meg for dine augo og vera heimlaus og fredlaus på jordi, og kven som finn meg, kjem til å slå meg i hel.»
- 15 Då sagde Herren til honom: «Nei! for drep nokon Kain, so skal det hemnast sju gonger.» Og Herren gav Kain eit merke, so dei ikkje skulde slå honom i hel, kven som fann honom.
- 16 So hadde Kain seg utor Herrens augo, og busette seg i eit land som heiter Nod, austanfor Eden.
- 17 Og Kain budde saman med kona si, og ho vart med barn, og åtte Hanok. Sidan tok han seg til å byggja ein by, og kalla byen Hanok, etter son sin.
- 18 Og Hanok vart far til Irad; og Irad fekk sonen Mehujael, og Mehujael fekk sonen Metusael, og Metusael fekk sonen Lamek.
- 19 Og Lamek tok seg tvo konor. Den eine heitte Ada, og den andre heitte Silla.
- 20 Og Ada åtte sonen Jabal. Frå honom er dei ætta dei som bur i tjeldbuder og held buskap.
- 21 Og bror hans heitte Jubal. Frå honom er dei ætta all dei som spelar på harpa og fløyta.
- 22 Og Silla åtte og ein son. Han vart kalla Tubalkain; og han smidde alle slag bitjarn, både av jarn og av kopar. Og syster åt Tubalkain heitte Na’ama.
- 23 Og Lamek kvad til konorne sine: «Ada og Silla, høyr mine ord, Lameks konor, lyd på mi røyst! Ein mann drep eg for kvart sår, og ein svein for kvar skråma eg fær.
- 24 For Kain skal sju gonger hemnast, men Lamek sju-ti og sju.»
- 25 Og Adam budde med kona si som han fyrr hadde gjort, og ho åtte ein son, og kalla honom Set. «For Gud hev sett meg ein annan son i staden hans Abel,» sagde ho, «for di Kain slo honom i hel.»
- 26 Og Set fekk og ein son, og kalla honom Enos. Då tok dei til å kalla på Herren.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗