잠언 14장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 잠언 (Proverbs) · 35절
- 1 Kvinnevisdom byggjer huset sitt, men dårskap riv det ned med henderne.
- 2 Den som ottast Herren, fer ærleg fram, men krokvegar gjeng den som vanvyrder honom.
- 3 I narrens munn er ovmods ris, men dei vise hev lipporne sine til vern.
- 4 Utan uksar er krubba tom, men når stuten er sterk, vert innkoma stor.
- 5 Ikkje lyg eit ærlegt vitne, men det falske vitne andar lygn.
- 6 Spottaren søkjer visdom, men fåfengt, men lett finn den skynsame kunnskap.
- 7 Gakk burt frå ein dåre, ei fekk du der merka lippor med kunnskap.
- 8 Klok manns visdom er: han skynar vegen sin, men dåre-narreskapen er: dei svik seg sjølv.
- 9 Dårar fær spott av sitt eige skuldoffer, men millom ærlege folk er godhug.
- 10 Hjarta kjenner si eigi sorg, og gleda legg ingen framand seg uppi.
- 11 Gudlause folk fær sitt hus lagt i øyde, men ærlege folk ser tjeldet sitt bløma.
- 12 Mang ein veg tykkjer folk er rett, men enden på honom er vegar til dauden.
- 13 Jamvel midt i låtten kjenner hjarta vondt, og enden på gleda er sorg.
- 14 Av åtferdi si skal den fråfalne mettast, og ein god mann held seg burte frå han.
- 15 Den einfalde trur kvart ordet, men den kloke agtar på sine stig.
- 16 Den vise ottast og held seg frå vondt, men dåren er brålyndt og trygg.
- 17 Bråsinna mann gjer narreverk, og meinsløg mann vert hata.
- 18 Einfalde erver dårskap, men dei kloke fær kunnskap til krans.
- 19 Vonde skal bøygja seg for dei gode, og gudlause ved portarne til den rettferdige.
- 20 Ein fatig vert hata av venen sin jamvel, men ein rik vert elska av mange.
- 21 Vanvyrder du næsten din, syndar du, men sæl den som ynkast yver armingar.
- 22 Skal ikkje dei fara vilt som finn på vondt, og miskunn og truskap timast deim som finn på godt?
- 23 Alt stræv fører vinning med seg, men tome ord gjev berre tap.
- 24 Rikdomen er for dei vise ei krans, men narreskapen hjå dårar er narreskap.
- 25 Eit sanningsvitne bergar liv, men den som andar lygn, er full av svik.
- 26 Den som ottast Herren, hev ei borg so fast, og for hans born det finnast skal ei livd.
- 27 Otte for Herren er livsens kjelda, so ein slepp undan daudesnaror.
- 28 Mykje folk er konungs prydnad, men folkemink er hovdings fall.
- 29 Langmodig mann hev mykje vit, men bråhuga mann syner narreskap.
- 30 Spaklyndt hjarta er likamens liv, men ilska er ròt i beini.
- 31 Trykkjer du armingen, spottar du skaparen hans, men du ærar skaparen når du er mild mot fatigmann.
- 32 I ulukka si lyt den gudlause stupa, men den rettferdige hev trygd når han skal døy.
- 33 I hjarta på den vituge held visdomen seg still, men hjå dårar ter han seg fram.
- 34 Rettferd upphøgjer eit folk, men syndi er skam for folki.
- 35 Kongen likar godt den kloke tenar, men harmast på den som skjemmer seg ut.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗