잠언 15장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 잠언 (Proverbs) · 33절
- 1 Mildt svar døyver harm, men eit kvast ord vekkjer vreide.
- 2 Tunga åt vismenner gjev god kunnskap, men narreskap gøyser or munnen på dårar.
- 3 Allstad hev Herren augo sine, dei ser etter vonde og gode.
- 4 Linnmælt tunga er livsens tre, men range tunga gjev hjartesår.
- 5 Ein uviting vanvyrder far sin’s age, men den som agtar på refsing, vert klok.
- 6 Rettferdig manns hus eig stor rikdom, men d’er ugreida med ugudleg manns inntekt.
- 7 Vismanns-lippor strår ut kunnskap, men so er ei med dårehjarta.
- 8 Gudløysings offer er ei gruv for Herren, men bøn frå ærlege han likar godt.
- 9 Gudløysings veg er ei gruv for Herren, men han elskar den som renner etter rettferd.
- 10 Hard refsing fær den som gjeng ut av vegen, den som hatar age, skal døy.
- 11 Helheim og avgrunn ligg i dagen for Herren, kor mykje meir då menneskje-hjarto.
- 12 Spottaren likar ikkje at ein lastar honom, til vismenner gjeng han ikkje.
- 13 Gladværugt hjarta gjer andlitet ljost, men modet vert brote i hjartesorg.
- 14 Vitug manns hjarta søkjer kunnskap, men dåremunn fer berre med narreskap.
- 15 Alle ein armings dagar er vonde, men den glade i hjarta hev gjestebod alltid.
- 16 Betre er lite med otte for Herren enn eigedom stor med uro attåt.
- 17 Betre ei nista av kål med kjærleik til enn gjødde uksen med hat attåt.
- 18 Brålyndt mann valdar trætta, men den toluge stiller kiv.
- 19 Vegen for letingen er som eit klungergjerde, men stigen er brøytt for dei ærlege.
- 20 Ein vis son gjer far sin gleda, men eit dårlegt menneskje vanvyrder mor si.
- 21 Dårskap er gleda for vitlaus mann, men ein vitug mann gjeng beint fram.
- 22 Råder vert til inkjes utan rådleggjing, men med mange rådgjevarar kjem dei i stand.
- 23 Mannen gled seg når munnen kann svara, og eit ord i rette tid, kor godt det er!
- 24 Den vituge gjeng livsens veg uppetter, for han vil sleppa burt frå helheimen der nede.
- 25 Herren riv huset ned for dei ovmodige, men for enkja let han merkesteinen standa.
- 26 Vonde tankar er ei gruv for Herren, men milde ord er reine.
- 27 Den vinnekjære fær sitt hus i ulag, men den som hatar mutor, han skal liva.
- 28 Rettferdig tenkjer i sitt hjarta korleis han skal svara, men gudlause let vondskap gøysa ut or munnen.
- 29 Langt er Herren burte frå dei gudlause, men bøni frå rettferdige han høyrer.
- 30 Ljos i augo hjarta gled, tidend god gjev merg i beini.
- 31 Det øyra som høyrer på rettleiding til livet, held seg gjerne med vismenn i lag.
- 32 Den som vandar age, vanvyrder si sjæl, den som høyrer på rettleiding, vinn seg vit.
- 33 Otte for Herren er age til visdom, og fyre æra gjeng andmykt.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗