잠언 13장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 잠언 (Proverbs) · 25절
- 1 Den vise son let seg aga av far sin, men spottaren høyrer ikkje på skjenn.
- 2 Sjølv fær ein godt av den frukt som munnen ber, men hugen åt svikarar stend etter vald.
- 3 Den som agtar munnen sin, varar si sjæl, men gapen fær seg ei ulukka.
- 4 Hugen i letingen lyster og fær ikkje noko, hugen i strævsame folk fær rikleg mette.
- 5 Den rettferdige hatar ljugarord, men den gudlause fer stygt og skamleg åt.
- 6 Rettferd varar den som fer ulastande, men gudløysa feller den som gjer synd.
- 7 Mang ein ter seg rik og eig då inkje, ein annan ter seg fatig og eig mykje.
- 8 Mannsens rikdom er ein løysepeng for livet hans, men fatigmannen fær inkje trugsmål høyra.
- 9 Ljoset åt dei rettferdige brenn lystigt, men lampa åt ugudlege vil slokna.
- 10 Med ovmod veld ein berre trætta, men hjå deim som tek mot råd, er visdom.
- 11 Lettfengen rikdom minkar, men sankar du smått um senn, fær du meir og meir.
- 12 Langdrøg von gjer hjarta sjukt, men uppfyllt ynskje er eit livsens tre.
- 13 Den som vanvyrder ordet, tyner seg sjølv, men den som ottast bodordet, fær løn.
- 14 Vismanns læra er livsens kjelda, so ein slepp undan frå daudesnaror.
- 15 Godt vit gjev manntekkje, men hard er vegen som svikarar gjeng.
- 16 Kvar som er klok, fer fram med vit, men ein dåre briskar seg med dårskap.
- 17 Ein gudlaus sendemann fell i ulukka, men trufast bodberar er lækjedom.
- 18 Armod og skam fær den som viser age ifrå seg, men den som agtar på refsing, vinn æra.
- 19 Uppfyllt ynskje er søtt for sjæli, men å vika frå vondt er ei gruv for dårar.
- 20 Gakk saman med dei vise, so vert du vis, men ilag med dårar gjeng det deg ille.
- 21 Ulukka forfylgjer syndarar, men rettferdige fær godt til løn.
- 22 Den gode let etter seg arv til barneborn, men det syndaren eig, er gøymt åt den rettferdige.
- 23 Fatigfolks nybrot gjev rikeleg føda, men mang ein vert tynt ved urettferd.
- 24 Den som sparer riset sitt, hatar son sin, men den som elskar han, tuktar honom tidleg.
- 25 Rettferdige hev mat til å metta seg på, men gudlause gjeng med magen tom.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗