욥기 6장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 욥기 (Job) · 30절
- 1 Då tok Job til ords og svara:
- 2 «Um dei mitt mismod vega vilde og få ulukka mi på vegti,
- 3 det tyngjer meir enn havsens sand; difor var ordi mine ville.
- 4 For Allvalds pilar sit i meg, mi ånd lyt suga deira gift; Guds rædslor reiser seg til åtak.
- 5 Skrik asnet vel i grøne eng? Og rautar uksen ved sitt for?
- 6 Kven et det smerne utan salt? Kven finn vel smak i eggjekvite?
- 7 Det byd meg mot å røra slikt, det er som min utskjemde mat.
- 8 Å, fekk eg uppfyllt bøni mi! Gav Gud meg det eg vonar på!
- 9 Ja, vild’ han berre knusa meg, med hand si min livstråd slita!
- 10 Då hadde endå eg mi trøyst; trass pina skulde glad eg hoppa! - Den Heilage sitt ord eg held på.
- 11 Kva er mi kraft, at eg skuld’ vona? Mi framtid, at eg skulde tola?
- 12 Er krafti mi som steinen sterk? Er kanskje kroppen min av kopar?
- 13 Mi hjelp hev heilt forlate meg; all kvart stydjepunkt er frå meg teke.
- 14 Ein rådlaus treng av venen kjærleik, um enn han ottast Allvald ei.
- 15 Som bekken brørne mine sveik, lik bekkjefar som turkar ut.
- 16 Fyrst gruggast dei av bråna is, og snø som blandar seg uti,
- 17 men minkar so i sumarsoli, og kverv til slutt burt i sumarhiten.
- 18 Vegfarande vik av til deim, men kjem til øydemark og døyr.
- 19 Kjøpmenn frå Tema skoda dit, flokkar frå Saba vonar trygt;
- 20 men svikne vert dei i si von; dei narra vert når dei kjem fram.
- 21 So hev de vorte reint til inkjes, de rædsla såg, og rædde vart!
- 22 Hev eg då bede dykk um noko? Bad eg dykk løysa meg med gods?
- 23 og frelsa meg frå fiendvald og kjøpa meg frå røvarar?
- 24 Gjev meg eit svar, so skal eg tegja; seg meg kva eg hev synda med!
- 25 Eit rettvis ord er lækjebot; men last frå dykk er inkje verdt.
- 26 Du lastar meg for ordi mine; men vonlaus mann so mangt kann segja.
- 27 De kastar lut um farlaust barn, og handel driv um dykkar ven.
- 28 Vilde de berre sjå på meg! Trur de eg lyg dykk upp i augo?
- 29 Vend um, lat ikkje urett skje! Vend um, enn hev eg rett i dette.
- 30 Finst det vel fals på tunga mi? Kann ei min gom ulukka smaka?
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗