욥기 7장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 욥기 (Job) · 21절
- 1 Ja, mannen hev ein strid på jordi; hans dagar gjeng som leigedagar.
- 2 Som trælen lengtar etter skugge, og leigekar på løni ventar,
- 3 so fekk eg månader av vonbrot og næter fulle utav møda.
- 4 Eg segjer når eg gjeng til kvile: «Når skal eg atter standa upp?» Og kvelden vert so lang, so lang: Eg ligg uroleg alt til dagsprett.
- 5 Og makk og sår min likam dekkjer, og hudi skorpnar og bryt upp att.
- 6 Mi tid fer snøggar’ enn ein skutel, og ho kverv utan nokor von.
- 7 Hugs på: mitt liv er som ein pust; mitt auga ser ’kje lukka meir.
- 8 Snart er eg løynd for alle augo; du fåfengt stirer etter meg.
- 9 Som skyi framum fer og kverv, so ingen att frå helheim vender,
- 10 snur ei attende til sitt hus; hans heimstad kjenner han ’kje meir.
- 11 Difor vil ’kje munnen stagga, men tala i min djupe hugverk og klaga i mi sjælenaud.
- 12 Er eg eit hav, er eg ein drake, med di du vaktar so på meg?
- 13 Eg tenkjer: «Lægjet skal meg lindra, og sengi letta suti mi» -
- 14 då skræmer du meg upp med draumar, og støkkjer meg med ville syner,
- 15 so at eg heller ville kjøvast, ja døy, enn vera slik ei beingrind.
- 16 D’er nok! Eg liver ikkje æveleg; Haldt upp! Mitt liv er som ein pust.
- 17 Kva er ein mann, at du han vyrder og retter tanken din på honom,
- 18 heimsøkjer honom kvar ein morgon, ransakar honom kvar ei stund?
- 19 Når tek du frå meg auga ditt? Meg slepper med eg svelgjar råken?
- 20 Hev eg gjort synd, kva gjer eg deg, du som på mannen vaktar stødt? Kvi hev du meg til skiva valt? So eg hev vorte meg ei byrd?
- 21 Kvi gjev du ikkje syndi til? Kvi ansar du på mine brot? No sig eg snart i moldi ned; og leitar du, so er eg burte.»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗