욥기 5장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 욥기 (Job) · 27절
- 1 Rop berre du; kven svarar deg? Kva engel vil du beda til?
- 2 Mismod slær fåvis mann i hel og brennhug den som lite veit.
- 3 Eg såg ein dåre festa rot, og brått eg laut hans bustad banna.
- 4 Hans søner hjelpelaus var, uhjelpte trakka ned i porten.
- 5 Hans avling åt dei svoltne upp, dei tok ho tråss i klungergjerde, og snara lurde på hans gods.
- 6 Men naudi ei frå dusti kjem; ulukka ei or jordi renn;
- 7 nei, mannen vert til møda fødd, som gneistarne lyt fljuga høgt.
- 8 Eg vilde venda meg til Gud og leggja saki fram for honom,
- 9 som storverk gjer som ei me skynar, fleir’ underverk enn me kann telja,
- 10 som sender regnet ned på jord og vatnet yver mark og eng,
- 11 som lyfter låg og liten upp og hjelper syrgjande til frelsa,
- 12 som spiller planen for dei sløge, so deira hender inkje duger,
- 13 som fangar vismann i hans vit, so listig råd forrenner seg.
- 14 Um dagen støyter dei på myrker, trivlar ved middag som ved natt.
- 15 Frå sverd frelser han frelser fatigmann, frå deira munn, frå yvervald,
- 16 so vesalmann fær hava von, men vondskap lata munnen att.
- 17 Men sæl den mann som Gud mun refsa; vanvyrd ei tukt frå Allvalds-Gud!
- 18 Han sårar, men bind og umkring; han slær men lækjer med si hand.
- 19 Seks trengslor bergar han deg or, i sju skal inkje vondt deg nå.
- 20 I hunger fri’r han deg frå dauden, i krig du undan sverdet slepp;
- 21 for tungesvipa er du berga, og trygg du er i tap og tjon;
- 22 du lær åt tjon og hungersnaud og ottast ikkje ville dyr;
- 23 du samband hev med stein på marki, og fred med villdyr uti heidi.
- 24 Du merkar at ditt tjeld hev fred, og inkje vantar i ditt hus.
- 25 Du ser, ditt sæde tallrikt er, ditt avkom rikt som gras på eng.
- 26 I mannskraft til di grav du gjeng, lik korn, køyrt inn i rette tid.
- 27 Det hev me granska; so det er; so høyr og merka deg det då!»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗