욥기 39장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 욥기 (Job) · 30절
- 1 Gjeng du for løva etter rov og gjev ungløvor deira mette,
- 2 medan dei gøymer seg i holor og ligg på lur i busk og kjørr?
- 3 Kven yter ramnen føda hans, når upp til Gud hans ungar ropar og flakkar kringum utan mat?
- 4 Steingeiti, veit du når ho kidar? Vaktar du riderne åt hindi?
- 5 Tel måna’rne dei gjeng med unge, og kjenner du deira fødetid?
- 6 Dei bøygjer seg, fø’r sine ungar, so er det slutt med deira rider.
- 7 På marki kidi veks seg store, spring burt og kjem ’kje att til deim.
- 8 Kven let villasnet renna fritt, tok bandet av det skjerre dyr,
- 9 som eg gav øydemark til heim, den salte steppa til ein bustad?
- 10 Det lær åt byen med sitt ståk, slepp høyra skjenn frå drivaren.
- 11 Det finn seg beite millom fjell, og leitar upp kvart grøne strå.
- 12 Skal tru villuksen vil deg tena, og natta yver ved di krubba?
- 13 Kann du til fori honom tøyma, horvar han dalar etter deg?
- 14 Lit du på honom for hans styrke? Og yverlet du han ditt arbeid?
- 15 Trur du han til å føra grøda heim og draga henne inn i løda?
- 16 Struss-hoa flaksar kåt med vengen, men viser fjør og veng morskjærleik?
- 17 Nei, ho legg sine egg på jordi, og let so sanden verma deim;
- 18 ho gløymer at ein fot kann treda og villdyr trakka deim i kras.
- 19 Hardt fer ho åt med sine ungar, som var dei ikkje hennar eigne; for fåfengt stræv ho ikkje ræddast.
- 20 For Gud let henne gløyma visdom, han ei tiletla henne vit.
- 21 Men når ho baskar seg i veg, ho lær åt både hest og mann.
- 22 Skal tru um du gjev hesten kraft og klæder halsen hans med mån?
- 23 Let du han som grashoppen springa alt med han frøser skræmeleg.
- 24 Glad i si kraft han marki skrapar og fer so fram mot væpna flokk.
- 25 Han urædd er og lær åt rædsla, for sverdet ei han vender um,
- 26 det skranglar pilhus yver honom, det blenkjer spjot til styng og skot.
- 27 Med ståk og bråk han slukar jordi, ustyrleg når stridsluren gjeng.
- 28 Han kneggjar: «Hui!» når luren læt, han verar striden langan leid, med skrik frå hovdingar og herrop!
- 29 Flyg hauken upp ved ditt forstand og spilar vengjerne mot sud?
- 30 Stig ørnen høgt av di du byd, og byggjer reiret sitt i høgdi? Han bur på berg og held seg der, på kvasse tind og høge nut. Derfrå han spæjar etter mat, hans augo yver viddi skodar. Hans ungar gløypar i seg blod; der det finst lik, der er han og.» Og Herren svara Job og sagde: «Vil klandraren med Allvald trætta? Lat han som lastar Gud då svara!» Då svara Job Herren og sagde: «For ring eg er; kva skal eg svara? Eg handi legg på munnen min. Ein gong eg tala, no eg tegjer, tvo gong’ - eg gjer det ikkje meir.»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗