욥기 40장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 욥기 (Job) · 24절
- 1 Og Herren svara Job or stormen og sagde:
- 2 «Spenn som mann ditt beltet på, gjev meg på mine spursmål svar:
- 3 Vil du forspille meg min rett, fordøma meg, so du fær rett?
- 4 Hev du vel slik ein arm som Gud? Kann du som han med røysti dundra?
- 5 Pryd deg med høgd og herredom, klæd deg i glans og herlegdom,
- 6 Lat so din vreide strøyma fram, sjå kvar ein stolt og audmyk han!
- 7 Så kvar ein stolt og bøyg han ned, og slå til jord dei gudlause!
- 8 Og gøym deim alle under jordi, bitt deira andlit fast i løynd!
- 9 So skal eg og lovprisa deg, som siger med di høgre vann.
- 10 Sjå elvhesten! Eg hev skapt han liksom deg; som ein ukse et han gras.
- 11 Sjå då krafti i hans lender, i bukmusklarne hans styrke!
- 12 Halen gjer han stiv som ceder, fast bogsenarne er tvinna.
- 13 Knokarne er koparrøyrer, beini som jarnstenger er.
- 14 Av Guds verk er han det fyrste, av sin skapar fekk han sverd.
- 15 Bergi ber åt honom for, alle villdyr leikar der.
- 16 Under lotusbusk han kviler, løyner seg i røyr og sev.
- 17 Lotusbusk gjev honom skugge, piletre umkransar honom.
- 18 Strid gjeng elvi, ei han ottast; trygg er han um so sjølve Jordan fossar imot hans gap.
- 19 Kann ein tak han so han ser det, draga snara gjenom snuten?
- 20 Kann du fiska krokodillen, binda tunga hans med taum,
- 21 Draga snor i gjenom nosi, hogga krok i kjaken hans?
- 22 Vil han tigga um nåde, tala mjuke ord til deg?
- 23 Tru han vil gjera samband med deg og din træl for alltid verta?
- 24 Kann du han som leikfugl halda for smågjentorne i band? Handlar fiskarlag med honom, skiftar ut til kræmarar? Kann hans hud med spjot du fylla, og hans hovud med harpunar? Berre prøv - du skal det minnast; enn ein gong du gjer det ikkje! Kvar og ein vil missa voni, verta feld ved syni av han.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗