욥기 38장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 욥기 (Job) · 38절
- 1 Og Herren svara Job or stormen og sagde:
- 2 «Kven er det som gjer rådgjerd myrk med ord som reint er utan skyn?
- 3 Spenn som ein mann ditt belte på, gjev meg på mine spursmål svar.
- 4 Kvar var du då eg grunna jordi? Seg fram, i fall du greida hev!
- 5 Kven sette måli - veit du det? - Og spana målsnor yver henne?
- 6 Kvar vart pelaran’ sette ned? Kven la vel hennar hyrnestein,
- 7 med alle morgonstjernor kvad, gudssønerne av gleda song?
- 8 Kven stengde havet inn med dører, då det braut ut or moderfang?
- 9 Då eg det skyer gav til klæde og myrkeskodd til sveip åt det
- 10 då eg for det ei grensa sette og trygga ho med port og bom
- 11 og sagde: «Hit og ikkje lenger! Di byrge bylgja stogge her!»
- 12 Baud du vel dagsprett nokon gong? Gav du morgonroden stad,
- 13 so femner kringum ytste jordi, so syndaran’ vart riste av?
- 14 Då tek ho form som leir for segl, og all stend greinlegt som ein klædnad.
- 15 Då misser gudlause sitt ljos, den arm som lyfte seg, vert knekt.
- 16 Kom du til havsens kjeldor fram, hev du på avgrunns-botnen gjenge?
- 17 Hev daude-portarn’ vist seg for deg? Ja, såg du daudeskuggens portar?
- 18 Og hev du vel jordviddi set? Kjenner du alt i hop, seg fram!
- 19 Kvar finn ein veg dit ljoset bur? Og kvar hev myrkret heimen sin?
- 20 So du kann henta deim til grensa og vita veg til deira hus.
- 21 Du veit det, du vart fødd den gong, og dagetalet ditt er stort.
- 22 Kom du dit snøen uppspard ligg? Og såg du forrådshus for haglet,
- 23 som eg til trengsle-tidi gøymer, til dagarne med kamp og krig?
- 24 Kva veg tru ljoset deiler seg, austanvinden spreider seg på jordi?
- 25 Kven laga renna vel for regnet og brøytte veg for torestrålen,
- 26 so væta kjem til aude land, til øydemark der ingen bur,
- 27 til kveikjing for den nakne heid, so gras kann gro der fyrr var bert?
- 28 Skal tru um regnet hev ein far? Kven avlar vel doggdroparne?
- 29 Kva moderliv kom isen or? Kven avla rim i himmelrømd,
- 30 når vatnet hardnar liksom stein, når havflata stivnar til?
- 31 Bind du vel bandet um Sjustjerna? Løyser du lekkjet av Orion?
- 32 Set du rett tid for dyreringen? Og driv du Bjørnen og hans ungar?
- 33 Kjenner du himmelleverne? Gav du han yver jordi magt?
- 34 Kann røysti di til skyi nå, so vatnet fløymer yver deg?
- 35 Byd du vel ljoni fara ut, so dei deg svarar: «Her er me?»
- 36 Kven la i myrke skyer visdom? Kven gav forstand til hildringi?
- 37 Kven tel med visdom skyerne? Kven tømer himmelfati ut,
- 38 når turre mold vert samanrend, jordklumpar kleimer seg i hop?
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗