욥기 37장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 욥기 (Job) · 24절
- 1 For dette bivrar hjarta mitt og lyfter seg frå staden sin.
- 2 Å, høyr på harmen i hans røyst, den dun som dundrar or hans munn!
- 3 Det fer burt under himmelkvelv, men elden skin til heimsens endar.
- 4 So burar røysti etterpå, han torar med sitt stolte mod, og ljoni held han ikkje att når røysti si han ljoma let.
- 5 Gud torar underfullt med røysti, gjer storverk som me ei kann skyna.
- 6 Han snøen byd: «Fall ned til jord!» Til regnet og, sitt sterke silregn.
- 7 Han stengjer av for mannehand, so all hans skapning læra må.
- 8 Villdyri gjeng til sine hi og kvilar på sin legestad.
- 9 Or inste kammer kjem det storm, og kulde ut av vindarne.
- 10 Utav Guds ande gustar frost, dei vide vatni kjem i tvang.
- 11 Han lastar skyi og med væta og breider sine elding-skyer,
- 12 og hit og dit dei hastar fram, og skifter leid som han det vil og set i verk det som han byd, utyver vide jordheims-kringen;
- 13 anten til ris, når jordi treng det, ell’ og med nåde lyt dei råka.
- 14 Job, lyd på dette, statt no still, gjev gaum på undri Gud hev gjort!
- 15 Veit du når Gud deim segjer fyre, og let sitt ljos or skyi skina?
- 16 Veit du vel korleis skyi sviv, um underi åt den Allvise?
- 17 Du som i heite klæde styn, når jordi brenn i sunnanvind?
- 18 Gjer du med honom himmelkvelven, som er so fast som støypte spegel?
- 19 Lær oss, kva me skal segja honom! Me tegja lyt for berre myrker.
- 20 Skal han få melding at eg talar? Vil nokon ynskja seg å tynast?
- 21 No kann ein ikkje ljoset sjå, um enn det klårt på himmeln skin, men vinden sopar skyi burt.
- 22 Langt nordanfrå kjem gullet hit, ein fælsleg glans ligg yver Gud.
- 23 Til Allvald kann me ikkje nå, til han som er so stor i magt; men rett og rettferd ei han krenkjer.
- 24 Difor ber folket age for han, han ansar ingen sjølvklok mann.»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗