욥기 36장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 욥기 (Job) · 33절
- 1 Og Elihu heldt fram og sagde:
- 2 «Vent litt og lat meg tala til deg! For endå hev eg ord for Gud;
- 3 eg hentar kunnskap langan leid, skal hjelpa skaparen til rett.
- 4 For visst, mitt ord skal ikkje ljuga; framfor deg stend ein full-lærd mann.
- 5 Sjå, Gud er sterk, men vander ingen, han som er veldug i forstandskraft.
- 6 Han let ’kje gudlaus mann få liva; men armingarne gjev han rett.
- 7 Han snur ’kje augo frå rettvise; hjå kongar på sin konungsstol han let deim ævleg sitja høgt.
- 8 Um dei i lekkjor bundne vart og i ulukkesnaror fanga,
- 9 so synar han deim deira ferd og brot - at dei ovmoda seg -
- 10 til refsing opnar øyro deira og byd deim venda um frå syndi.
- 11 Um dei då høyrer vil og lyda, so liver dei sitt liv i lukka og sine år i herlegdom;
- 12 um ikkje, fær dei styng av spjotet, og i sin dårskap andast dei.
- 13 Men vreiden trivst i vonde hjarto; dei bed ’kje, um dei bundne vert;
- 14 i ungdomstidi skal dei døy, forgangast som utukt-sveinar.
- 15 Han frelser arming ved hans naud, opnar hans øyro gjenom trengsla.
- 16 Deg og han lokkar ut or trengsla, fritt fær du det og ikkje trongt, ditt bord er fullt av feite retter.
- 17 Men fær du straff som syndug mann, i fall hans domsord held deg fast.
- 18 Lat ikkje tukti avla vreide, den tunge bot deg leida vilt!
- 19 Kann klaga hjelpa deg or naud, kor mykje enn du stræva vil?
- 20 Du må ’kje lengta etter natti då folk vert rykte frå sin stad!
- 21 Gjev agt, so ei til synd du vender, for det du heller vil enn lida.
- 22 Sjå, Gud er upphøgd i sitt velde; kven er ein lærar slik som han?
- 23 Kven hev vel vegen lagt for honom? Kven sagde vel: «Du hev urett gjort?»
- 24 Hugs på å prisa høgt hans verk, som menneski hev sunge um!
- 25 Kvart menneskje med lyst det ser, mann-ætti ser det langan leid.
- 26 Upphøgd, uskynande er Gud, hans liveår kann ingen telja,
- 27 for han dreg vatsdroparne, so det vert regn av skodde-eim.
- 28 Og ifrå skyerne det fløymer og dryp ned yver mange folk.
- 29 Kven skynar vel skyhoparne og torebraket frå hans hytta?
- 30 Han breider ljoset sitt ikring seg og let det hylja havsens røter.
- 31 Soleis han dømer folkeslag og skiftar brød i ovmengd ut.
- 32 Han sveiper henderne i ljos og sender det mot fienden.
- 33 Hans tora meldar um hans koma, ja, feet varslar når han kjem.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗