욥기 30장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 욥기 (Job) · 31절
- 1 Men no er eg til spott for deim som yngre er av år enn eg; eg deira feder ikkje fann verdige plass hjå gjætarhunden.
- 2 Magtlause er og deira hender, og deira saft og kraft er burte;
- 3 Dei magre er av naud og svolt, dei gneg i turre øydemarki som alt i går var reine audni,
- 4 og plukkar melde millom kjørri og hev til føda einerot.
- 5 Frå folket vert dei jaga burt, fær tjuvemann slengt etter seg.
- 6 Dei gøymer seg i fæle gil, i holor uti jord og fjell;
- 7 og millom buskor skrålar dei og samlast under netlerunnar;
- 8 ei ætt av dårar og namnlause som ein helst piskar ut or landet.
- 9 No er eg slengjestev for deim, eit ordtak hev for deim eg vorte.
- 10 Dei styggjest ved meg, held seg burte og sparer ei å sputta på meg.
- 11 Utan all blygd dei krenkjer meg, hiv av kvart band framfor mi åsyn.
- 12 Eit utjo reiser seg til høgre, dei spenner mine føter burt, og legg ulukke-vegar mot meg.
- 13 Og stigen min den bryt dei upp og hjelper til med mi ulukka, dei som er hjelpelause sjølv.
- 14 Som gjenom vide murbrot kjem dei, velter seg fram med bråk og brak.
- 15 Imot meg vender rædslor seg, mi æra elter dei som stormen, mi velferd kvarv som lette sky.
- 16 No jamrar seg mi sjæl i meg; usæle dagar held meg fast.
- 17 Natti gneg mine knokar av meg, min verk, mi pina aldri søv.
- 18 Ved allmagt vert min klædnad vanstelt, heng tett som skjortekragen kring meg.
- 19 Han kasta meg i skarnet ned; og eg ser ut som mold og oska.
- 20 Eg skrik til deg, du svarar ikkje, eg stend der, og du stirer på meg.
- 21 Hard hev du vorte imot meg, du stri’r mot meg med veldug hand.
- 22 Du let meg fara burt i stormen, du let meg tynast i hans brus.
- 23 Eg veit du fører meg til dauden, der alt som liver samlast lyt.
- 24 Kven kavar ikkje når han søkk? Kven ropar ikkje ut i fåren?
- 25 Gret eg ’kje sjølv med den fortrykte, og syrgde yver fatigmann?
- 26 Eg vona godt, men det kom vondt, eg venta ljos, men myrker kom.
- 27 Det kokar allstødt i mitt indre, ulukkedagen møter meg.
- 28 Svart gjeng eg kring, men ikkje solbrend, eg ris i flokken, skrik um hjelp.
- 29 Bror åt sjakalar hev eg vorte, til strussar eg ein frende er.
- 30 Mi hud er svart og flaknar av; det brenn i mine bein av hite.
- 31 Min cither hev eg bytt i sorg, og fløyta mi med gråtar-mål.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗