욥기 29장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 욥기 (Job) · 25절
- 1 Då heldt Job fram med talen sin og sagde:
- 2 «Å, var eg som i fordums måna’r, som den gong Gud mi verja var,
- 3 då yver meg hans lampa skein, som lyste meg i myrkret fram,
- 4 slik som eg var i mogne manndom, då Gud var ven i huset mitt,
- 5 då Allvald endå med meg var, og mine born eg kring meg såg,
- 6 då eg i fløyte foten tvådde, og olje rann av fjellet nær meg,
- 7 då eg til porten steig i byen, og sessen min på torget tok!
- 8 Ungdomen såg meg, løynde seg; dei gamle reiste seg og stod;
- 9 hovdingar stogga midt i talen og lagde handi på sin munn;
- 10 og røysti tagna hjå dei gjæve, og tunga seg til gomen kleimde;
- 11 dei som meg høyrde, sælka meg, og dei som såg meg, vitna for meg.
- 12 Eg berga arming når han ropa, og farlaus som var utan hjelp;
- 13 velsigning fekk eg frå forkomne, og enkjor fekk eg til å jubla.
- 14 Rettferd var min, eg hennar bunad; rett var mi kappa og mi kruna.
- 15 Eg for den blinde auga var, og føter var eg for den halte.
- 16 Ein far eg var for fatigfolk; eg for ukjende saki granska.
- 17 På brotsmann tennerne eg knekte, reiv fengdi utor gapet hans.
- 18 Eg sagde: «I reiret skal eg døy, med dagar talrike som sand.
- 19 Til roti mi skal vatnet trengja, dogg bu ved natt på greini mi;
- 20 mi æra held seg frisk hjå meg, bogen vert ny handi mi.»
- 21 Dei høyrde ventande på meg, og lydde stilt på rådi mi.
- 22 Og ikkje la dei mot mitt ord, min tale draup ned yver deim.
- 23 På meg dei bia som på regn, ja, som vårregn opna munnen.
- 24 Eg smilte til mismodige, mitt andlit fekk dei ikkje myrkt.
- 25 Når eg deim vitja, sat eg fremst, sat som ein konge i sin herflokk, lik ein som trøystar syrgjande.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗