로그인

욥기 30장 Studentmållagsbibelen frå 1921

Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 욥기 (Job) · 31절 · 대역: King James Version

절Studentmållagsbibelen frå 1921King James Version
1 Men no er eg til spott for deim som yngre er av år enn eg; eg deira feder ikkje fann verdige plass hjå gjætarhunden. But now they that are younger than I have me in derision, whose fathers I would have disdained to have set with the dogs of my flock.
2 Magtlause er og deira hender, og deira saft og kraft er burte; Yea, whereto might the strength of their hands profit me, in whom old age was perished?
3 Dei magre er av naud og svolt, dei gneg i turre øydemarki som alt i går var reine audni, For want and famine they were solitary; fleeing into the wilderness in former time desolate and waste.
4 og plukkar melde millom kjørri og hev til føda einerot. Who cut up mallows by the bushes, and juniper roots for their meat.
5 Frå folket vert dei jaga burt, fær tjuvemann slengt etter seg. They were driven forth from among men, (they cried after them as after a thief;)
6 Dei gøymer seg i fæle gil, i holor uti jord og fjell; To dwell in the clifts of the valleys, in caves of the earth, and in the rocks.
7 og millom buskor skrålar dei og samlast under netlerunnar; Among the bushes they brayed; under the nettles they were gathered together.
8 ei ætt av dårar og namnlause som ein helst piskar ut or landet. They were children of fools, yea, children of base men: they were viler than the earth.
9 No er eg slengjestev for deim, eit ordtak hev for deim eg vorte. And now am I their song, yea, I am their byword.
10 Dei styggjest ved meg, held seg burte og sparer ei å sputta på meg. They abhor me, they flee far from me, and spare not to spit in my face.
11 Utan all blygd dei krenkjer meg, hiv av kvart band framfor mi åsyn. Because he hath loosed my cord, and afflicted me, they have also let loose the bridle before me.
12 Eit utjo reiser seg til høgre, dei spenner mine føter burt, og legg ulukke-vegar mot meg. Upon my right hand rise the youth; they push away my feet, and they raise up against me the ways of their destruction.
13 Og stigen min den bryt dei upp og hjelper til med mi ulukka, dei som er hjelpelause sjølv. They mar my path, they set forward my calamity, they have no helper.
14 Som gjenom vide murbrot kjem dei, velter seg fram med bråk og brak. They came upon me as a wide breaking in of waters: in the desolation they rolled themselves upon me.
15 Imot meg vender rædslor seg, mi æra elter dei som stormen, mi velferd kvarv som lette sky. Terrors are turned upon me: they pursue my soul as the wind: and my welfare passeth away as a cloud.
16 No jamrar seg mi sjæl i meg; usæle dagar held meg fast. And now my soul is poured out upon me; the days of affliction have taken hold upon me.
17 Natti gneg mine knokar av meg, min verk, mi pina aldri søv. My bones are pierced in me in the night season: and my sinews take no rest.
18 Ved allmagt vert min klædnad vanstelt, heng tett som skjortekragen kring meg. By the great force of my disease is my garment changed: it bindeth me about as the collar of my coat.
19 Han kasta meg i skarnet ned; og eg ser ut som mold og oska. He hath cast me into the mire, and I am become like dust and ashes.
20 Eg skrik til deg, du svarar ikkje, eg stend der, og du stirer på meg. I cry unto thee, and thou dost not hear me: I stand up, and thou regardest me not.
21 Hard hev du vorte imot meg, du stri’r mot meg med veldug hand. Thou art become cruel to me: with thy strong hand thou opposest thyself against me.
22 Du let meg fara burt i stormen, du let meg tynast i hans brus. Thou liftest me up to the wind; thou causest me to ride upon it, and dissolvest my substance.
23 Eg veit du fører meg til dauden, der alt som liver samlast lyt. For I know that thou wilt bring me to death, and to the house appointed for all living.
24 Kven kavar ikkje når han søkk? Kven ropar ikkje ut i fåren? Howbeit he will not stretch out his hand to the grave, though they cry in his destruction.
25 Gret eg ’kje sjølv med den fortrykte, og syrgde yver fatigmann? Did not I weep for him that was in trouble? was not my soul grieved for the poor?
26 Eg vona godt, men det kom vondt, eg venta ljos, men myrker kom. When I looked for good, then evil came unto me: and when I waited for light, there came darkness.
27 Det kokar allstødt i mitt indre, ulukkedagen møter meg. My bowels boiled, and rested not: the days of affliction prevented me.
28 Svart gjeng eg kring, men ikkje solbrend, eg ris i flokken, skrik um hjelp. I went mourning without the sun: I stood up, and I cried in the congregation.
29 Bror åt sjakalar hev eg vorte, til strussar eg ein frende er. I am a brother to dragons, and a companion to owls.
30 Mi hud er svart og flaknar av; det brenn i mine bein av hite. My skin is black upon me, and my bones are burned with heat.
31 Min cither hev eg bytt i sorg, og fløyta mi med gråtar-mål. My harp also is turned to mourning, and my organ into the voice of them that weep.

Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗
King James Version — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: GPL