욥기 31장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 욥기 (Job) · 40절
- 1 Med augo hev eg gjort ei pakt; eg skal ’kje skygna etter møy.
- 2 Kva gav meg elles Gud der uppe? Kva arv gav Allvald frå det høge?
- 3 Kjem ikkje udådsmann i naud? Og illgjersmenn i ulukka?
- 4 Ser ikkje han på mine vegar? Tel ikkje han kvart stig eg gjeng?
- 5 Dersom eg fram med fals hev fare, og foten sprunge etter svik
- 6 - Gud vege meg på rettferds vegt, so han kann sjå eg skuldlaus er! -
- 7 Veik mine stig frå vegen av, hev hjarta etter augo gjenge, var det ein flekk på mine hender,
- 8 so gjev ein annan et mitt såd, og riv mi planting upp med rot!
- 9 Let eg min hug av kvinna dåra, sneik eg til grannens dør meg fram,
- 10 so lat mitt viv åt andre mala, og andre yver ho seg bøygje!
- 11 For dette er ei skjemdarferd, eit brot som dom og straff fortener,
- 12 ein eld som eta vil til avgrunns og øydeleggja all mi eiga.
- 13 Vanvyrd’ eg retten åt min træl og trælkvinna i trætta med deim?
- 14 - Kva gjord’ eg då, når Gud reis upp? Kva svara eg, når han meg klaga?
- 15 Dei er som meg i morsliv skapte; ein forma oss i moderfang -
- 16 Um eg sagde nei når arming bad, og let enkja gråtande gå burt,
- 17 hev eg mitt brød åleine ete, so farlaus inkje fekk ein bit,
- 18 - nei, far for han eg var frå yngdi, frå morsliv var eg hennar førar -
- 19 Såg eg ein stakar utan klæde, ein fatig utan yverplagg,
- 20 og so hans lender ei meg signa, og ei mi saueull han vermde,
- 21 hev eg mot farlaus handi lyft, av di eg medhald fekk i retten:
- 22 Let herdi mi or led då losna, og armen brotna frå sitt bein!
- 23 For eg var ovleg rædd Guds straff, eg magtlaus stod framfor hans velde.
- 24 Um eg mi lit til gullet sette, og voni til det fine gull,
- 25 Gledde eg meg ved auka rikdom, og alt eg vann meg med mi hand,
- 26 såg eg på ljoset når det stråla, på månen der han skreid i glans,
- 27 vart hjarta mitt i løyndom dåra, so kyss på hand til deim eg sende,
- 28 so var det og straffande brot, då neitta eg min Gud der uppe.
- 29 Hev eg meg gledt ved uvens uferd, og jubla når han kom i skade,
- 30 - men eg let ikkje munnen synda og banna honom ifrå livet -
- 31 hev ei mitt husfolk stendigt sagt: «Kven gjekk vel svolten frå hans bord?»
- 32 - Eg let ’kje framand natta ute; for ferdamann eg opna døri -
- 33 hev eg som Adam dult mi synd, og løynt mi misgjerd i min barm,
- 34 di eg var rædd den store hop og ottast spott frå ættefrendar, so stilt eg heldt meg innum dører?
- 35 Å, vilde nokon høyra på meg! Sjå her er underskrifti mi, lat berre Allvald svara meg! Fekk eg den skrift min motpart skreiv,
- 36 den skulde eg på oksli bera og binda på meg som ein krans
- 37 eg melde honom kvart mitt stig, og som ein hovding møta honom.
- 38 Dersom min åker klagar meg, og um plogforerne lyt gråta,
- 39 åt eg hans grøda ubetalt, tok livet eg av eigarmannen:
- 40 Lat då for kveite klunger gro, og ugras der eg sådde bygg!» Her endar Jobs tale.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗