욥기 19장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 욥기 (Job) · 29절
- 1 Då svara Job og sagde:
- 2 «Kor lenge vil mi sjel de harma og krasa meg med dykkar ord?
- 3 Ti gonger hev de no meg spotta; de skjemmest ei å krenkja meg.
- 4 Hev eg i røyndi mistak gjort, dei mistak er mi eigi sak.
- 5 Vil de dykk briska imot meg, som um eg lid mi skam med rette?
- 6 Hugs på at Gud hev bøygt meg ned og spana kringum meg sitt garn.
- 7 Eg ropar: «Vald!» - men eg fær ’kje svar; eg ropar: «Hjelp!» men fær ’kje rett.
- 8 Han stengjer vegen for min fot, og myrker legg han på min stig.
- 9 Min heidersklædnad drog han av; han frå mitt hovud kransen tok.
- 10 Mi vern han braut, so eg gjekk under, mi von sleit han lik treet upp.
- 11 Hans vreide logar meg imot, og for ein fiend’ held han meg.
- 12 Hans skarar stemner fram mot meg; dei brøyter seg ein veg mot meg og lægrar seg kring tjeldet mitt.
- 13 Han dreiv ifrå meg mine frendar, og kjenningar vart framande.
- 14 Skyldfolki held seg burte frå meg, husvenerne hev gløymt meg burt.
- 15 For hjon og tenar er eg framand; dei held meg for ein ukjend mann.
- 16 Ei svarar drengen på mitt rop. Eg må med munnen tigga honom;
- 17 min ande byd imot for kona, eg tevjar ilt for mine sambrør.
- 18 Jamvel smågutar spottar meg, når eg stend upp, dei talar mot meg.
- 19 Dei styggjest for meg mine vener, og dei eg elska, snur seg mot meg.
- 20 Min kropp er berre skin og bein, snaudt hev eg endå tannkjøt att.
- 21 Hav medynk, medynk, mine vener! Gud hev meg råka med si hand.
- 22 Kvifor skal de som Gud meg jaga, og vert ei mette av mitt kjøt?
- 23 Å, gjev at mine ord vart skrivne, og i ei bok vart rita inn,
- 24 ja, vart med jarnmeitel og bly for ævleg tid i berget hogne!
- 25 Eg veit at min utløysar liver, til sist han yver moldi kjem.
- 26 Og når mi hud er øydelagd, ut frå mitt kjøt då ser eg Gud,
- 27 eg honom ser som venen min, mitt auga ser det, ingen framand! Å, nyro lengtar i mitt liv!
- 28 De segjer: «Me vil jaga honom!» - som um orsaki låg hjå meg!
- 29 Men de lyt agta dykk for sverdet; for vreide vert ved sverdet straffa. Og de skal vita: domen kjem.»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗