욥기 18장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 욥기 (Job) · 21절
- 1 Då tok Bildad frå Suah til ords og sagde:
- 2 «Kor lenge driv de jagt på ord? Gjev gaum, lat oss so talast ved!
- 3 Kvi skal me reknast liksom fe, som ureine i dykkar augo?
- 4 Å, du som riv deg sund i sinne, skal jordi øydast for di skuld? Skal fjellet flytjast frå sin stad?
- 5 Men sløkt vert ljoset for den vonde, og hans åre-eld skal ikkje skina.
- 6 I tjeldet hans vert ljoset myrkt, og lampa sloknar yver han.
- 7 Hans sterke stig vert snævra inn; han snåvar yver sine planar.
- 8 Hans fot vert fløkt i garnet inn, og upp i netet ferdast han;
- 9 og snara triv um hælen hans, og gildra tek på honom fat.
- 10 I jordi løynde gildror lurer, og fellor ventar på hans veg.
- 11 Og rædslor trugar rundt ikring og skræmer han for kvart eit stig.
- 12 Ulukka hungrar etter han, og vondt vil føra han til fall,
- 13 vil eta kvar ein led og lem, ja, det vil daudens eldste son.
- 14 Hans trygd er rivi frå hans tjeld; du sender han til rædsle-kongen.
- 15 I huset hans bur framande, det vert strått svåvel på hans bustad.
- 16 Hans rot i grunnen turkar ut; den høge kruna visnar burt.
- 17 Hans minne kverv frå jordi burt, og namnlaus vert han vidt og breidt.
- 18 Frå ljos til myrker driv dei honom og jagar han frå landi burt.
- 19 Han barnlaus vert i eige folk; i heimen hans slepp ingen undan.
- 20 Og vestmenn støkk for dagen hans, og austmenn vert av rædsla slegne.
- 21 Just soleis gjeng det nidings hus, den heim der ingen kjenner Gud.»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗