욥기 20장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 욥기 (Job) · 29절
- 1 Då tok Sofar frå Na’ama til ords og sagde:
- 2 «Difor gjev mine tankar svar, og difor stormar det i meg.
- 3 Ei skamleg skrapa fær eg høyra, men kloke svar mi ånd gjev meg.
- 4 Veit du ’kje at frå ævords tid, frå mannen fyrst på jord vart sett,
- 5 ugudlege hev stokkut jubel, vanheilage stuttvarug gleda?
- 6 Når modet hans til himmels stig, når hovudet mot sky han lyfter,
- 7 han evig gjeng til grunns som skarnet; «Kvar er han?» spør dei, honom såg.
- 8 Lik draumen glid han burt og kverv, vert jaga som ei nattesyn.
- 9 Han burte er for alle augo, hans stad veit ikkje til han meir.
- 10 Hans born lyt hjelpa fatigfolk; hans hender gjev hans gods attende.
- 11 Hans bein var full’ av ungdomskraft; men den i moldi ligg med honom.
- 12 Er i hans munn det vonde søtt, vil han det under tunga gøyma,
- 13 sparer han det og slepper ikkje, held han det under gomen fast,
- 14 so vert i kroppen maten hans til orme-eiter i hans buk.
- 15 Det gods han gløypte, spyr han ut; Gud driv det ut or magen hans.
- 16 Han orme-eiter i seg saug, og ødle-tunga honom drep.
- 17 Han fær visst ikkje skoda bekkjer, ei heller flaum av mjølk og honning.
- 18 Han rikdom vinn, men nyt han ikkje; han samlar gods, men vert ’kje glad.
- 19 Han krasa småfolk, let deim liggja, han rana hus som han ei byggjer.
- 20 Han kjende ikkje ro inni seg, men med sin skatt han slepp ’kje undan.
- 21 Hans hækna sparer ingen ting; og difor kverv hans lukka burt.
- 22 I all si ovnøgd lid han naud; kvar armings-hand kjem yver honom.
- 23 Og til å fylla buken hans han sender vreiden yver honom, let maten sin på honom regna.
- 24 Og um han frå jarnvåpen flyr, han såra vert frå koparbogen;
- 25 ut gjenom ryggen pili kjem, den blanke odd ut or hans gall, og dauderædslor fell på honom.
- 26 Alt myrker gøymt er åt hans skattar, ja, ukveikt eld et honom upp, og øyder all hans eigedom.
- 27 Himmelen ter hans brotsverk fram, og jordi reiser seg imot han.
- 28 Hans heime-forråd fer sin veg, renn burt på vreidedagen hans.
- 29 Slikt etlar Gud til gudlaus mann; det lovar Gud til arv åt honom.»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗