요한복음 12장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 요한복음 (John) · 50절
- 1 Seks dagar fyre påske kom Jesus til Betania, der Lasarus budde, han som Jesus hadde vekt upp frå dei daude.
- 2 Der gjorde dei eit gjestebod for honom; Marta stelte for deim, og Lasarus var ein av deim som sat til bords med honom.
- 3 Då tok Maria eit pund egte, dyr nardesalve og salva føterne åt Jesus, og turka føterne hans med håret sitt; og huset vart fullt av salveangen.
- 4 So segjer Judas Iskariot, ein av læresveinarne hans, han som sidan sveik honom:
- 5 «Kvi vart ikkje denne salven seld for eit halvt hundrad dalar, og gjeven til fatigfolk?»
- 6 Det sagde han ikkje av umsut for dei fatige, men av di han var ein tjuv; det var han som hadde kassa, og han tok jamleg av det som vart lagt ned der.
- 7 Då sagde Jesus: «Lat henne vera i fred! Det er som ho skulde ha gøymt det til jordferdsdagen min.
- 8 For dei fatige hev de alltid hjå dykk, men meg hev de ikkje alltid.»
- 9 No fekk ei stor mengd av jødarne vita at han var der, og dei kom, ikkje berre for Jesu skuld, men og for å sjå Lasarus, som han hadde vekt upp frå dei daude.
- 10 Då lagde øvsteprestarne upp råd um å drepa Lasarus og;
- 11 for mange av jødarne gjekk for hans skuld dit og kom til å tru på Jesus.
- 12 Dagen etter spurdest det bland den store folkehopen som var komen til høgtidi, at Jesus var på veg til Jerusalem.
- 13 Då tok dei palmekvister og gjekk til møtes med honom og ropa: «Hosianna! Velsigna vere han som kjem i Herrens namn, Israels konge!»
- 14 Jesus fann seg eit ungt asen og sette seg på det, so som skrive stend:
- 15 «Ottast ikkje, Sions dotter! Sjå, her kjem din konung ridand’ sit uppå ein asenfole.»
- 16 I fyrstninga skyna ikkje læresveinarne dette; men då Jesus var herleggjord, då kom dei i hug at dette var skrive um honom, og at dei hadde gjort det so for honom.
- 17 Folkehopen som var med honom, vitna at han hadde ropa Lasarus ut or gravi og vekt honom upp frå dei daude.
- 18 Difor var det og folket kom imot honom; for dei hadde høyrt at han hadde gjort det teiknet.
- 19 Då sagde farisæarane seg imillom: «Der ser de: det nyttar dykk inkje; heile verdi flyg etter honom!»
- 20 Det var nokre grækarar der, av deim som jamleg for upp og tilbad på høgtidi;
- 21 dei kom til Filip, han frå Betsaida i Galilæa, og bad honom: «Gode herre, me vilde so gjerne få sjå Jesus!»
- 22 Filip gjeng og segjer det med Andreas, og Andreas og Filip kjem og segjer det med Jesus.
- 23 Jesus svara deim so: «Timen er komen då Menneskjesonen skal herleggjerast!
- 24 Det segjer eg dykk for visst og sant: Fell ikkje kveitekornet i jordi og døyr, so er det og vert det berre eitt korn; men døyr det, gjev det stor grøda!
- 25 Den som elskar livet sitt, misser det, og den som hatar livet sitt i denne verdi, skal berga det til eit ævelegt liv.
- 26 Um nokon tener meg, so lyt han fylgja meg, og der som eg er, der skal tenaren min og vera; den som tener meg, honom skal Faderen æra.
- 27 No er sjæli mi full av uro, og kva skal eg segja? «Fader, frels meg frå denne stundi!» Men nei, difor er det eg hev nått til denne stundi -
- 28 Fader, herleggjer namnet ditt!» Då kom det ei røyst frå himmelen: «Både hev eg herleggjort det og skal eg på nytt herleggjera det.»
- 29 Folket som stod der og høyrde det, sagde at tora hadde slege. Andre sagde: «Det var ein engel som tala til honom.
- 30 Då tok Jesus til ords og sagde: «Det var ’kje for mi skuld denne røysti kom, men for dykkar skuld.
- 31 No gjeng det dom yver denne verdi; no skal hovdingen yver denne verdi kastast ut.
- 32 Og når eg vert lyft upp frå jordi, skal eg draga alle åt meg.»
- 33 Det sagde han for å syna kva slag avferd han skulde få.
- 34 Folket svara: «Me hev høyrt av lovi at Messias liver æveleg; korleis hev det seg då at du segjer Menneskjesonen skal lyftast upp? Kven er denne Menneskjesonen?»
- 35 Då sagde Jesus til deim: Endå ei liti stund er ljoset ibland dykk. Gakk so lenge de hev ljoset, so ikkje myrkret skal koma yver dykk! Den som gjeng i myrkret, veit ikkje kvar han kjem av.
- 36 So lenge de hev ljoset, so tru på ljoset, so de kann verta born åt ljoset!» Soleis tala Jesus; so gjekk han burt og løynde seg for deim.
- 37 Men endå han hadde gjort so mange teikn for augo deira, trudde dei ikkje på honom;
- 38 det skulde sannast det ordet som profeten Jesaja hev tala: «Herre, kven trudde det bodet me høyrde? Og kven synte Herrens arm seg for?»
- 39 Difor kunde dei ikkje tru; for ein annan stad hev Jesaja sagt:
- 40 «Han hev gjort augo deira blinde, og hev gjort hugen deira hard, so dei med augo inkje sjå med hjarta inkje skyna skal, og snu so eg deim lækja fær.»
- 41 So sagde Jesaja då han såg hans herlegdom og tala um honom.
- 42 Like vel var det då mange, jamvel av styresmennerne, som trudde på honom; men dei vilde ikkje kjennast ved det for farisæarane skuld; dei var rædde dei kunde verta utstøytte or synagoga;
- 43 for dei heldt æra hjå menneski gjævare enn æra hjå Gud.
- 44 Men Jesus ropa ut: «Den som trur på meg, trur ikkje på meg, men på honom som sende meg,
- 45 og den som ser meg, ser honom som sende meg.
- 46 Eg er komen til verdi - eit ljos, so ingen som trur på meg, skal verta verande i myrkret.
- 47 Um nokon høyrer ordi mine og ikkje tek vare på deim, so dømer ikkje eg honom; for eg er ’kje komen på den måten at eg skal døma verdi, men at eg skal frelsa verdi.
- 48 Den som vandar meg og ikkje tek imot ordi mine, hev den som dømer honom: det ordet eg hev tala, det skal døma honom på den siste dag.
- 49 For eg hev ikkje tala av meg sjølv; men Faderen, som sende meg, han hev sagt meg fyre kva eg skal segja og kva eg skal tala;
- 50 og eg veit at hans fyresegn er eit ævelegt liv. So talar eg då det som eg talar heiltupp so som Faderen hev sagt meg.»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗