요한복음 11장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 요한복음 (John) · 57절
- 1 Det var ein som låg sjuk, Lasarus frå Betania, den vesle byen som Maria og Marta, syster hennar, budde i.
- 2 Maria var den som salva Herren med myrrasalve, og turka føterne hans med håret sitt; og det var bror hennar, Lasarus, som låg sjuk.
- 3 Systerne sende då bod til honom med dei ordi: «Herre, han som du hev so kjær, ligg sjuk!»
- 4 Då Jesus høyrde det, sagde han: «Den sotti er ’kje nokor helsott, men ho er til Guds æra; Guds son skal få æra av det.»
- 5 Jesus heldt mykje av Marta og syster hennar og Lasarus.
- 6 Då han no høyrde at Lasarus låg sjuk, drygde han endå tvo dagar på den staden han var;
- 7 då fyrst sagde han til læresveinarne sine: «Kom, lat oss fara til Judæa att!»
- 8 «Rabbi,» sagde læresveinarne, «nyst vilde jødarne steina deg, og so fer du dit att!»
- 9 «Er det ’kje tolv timar i dagen?» svara Jesus; «den som gjeng um dagen, snåvar ikkje; for han ser ljoset åt denne verdi;
- 10 men den som gjeng um natti, han snåvar, av di han ikkje hev ljoset i seg.»
- 11 So tala han, og um eit bil segjer han til deim: «Lasarus, venen vår, hev sovna; men no gjeng eg av og vekkjer honom.»
- 12 «Herre, hev han sovna, so vert han nok god att,» sagde læresveinarne.
- 13 Jesus hadde meint at han var slokna; men dei tenkte han tala um vanleg svevn.
- 14 Då sagde Jesus reint ut: «Lasarus hev slokna!
- 15 Og for dykkar skuld er eg glad at eg ikkje var der, so de kann koma til å tru. Men kom, lat oss ganga til honom!»
- 16 Tomas - han som me kallar Didymus - sagde då til dei andre læresveinarne: «Lat oss ganga med, so me kann døy med honom!»
- 17 Då Jesus kom fram, fekk han vita at Lasarus alt hadde lege fire dagar i gravi.
- 18 Betania låg ikkje langt frå Jerusalem, berre ein fjordung på lag,
- 19 og mange jødar var komne til Marta og Maria, og vilde trøysta dei i sorgi yver broren.
- 20 Då no Marta høyrde at Jesus kom, gjekk ho til møtes med honom; men Maria sat heime.
- 21 Då sagde Marta til Jesus: «Herre, hadde du vore her, so hadde ikkje bror min døytt.
- 22 Men eg veit kor som er, at alt det du bed Gud um, det vil Gud gjeva deg.»
- 23 Jesus segjer til henne: «Bror din skal standa upp att.»
- 24 «Eg veit at han skal standa upp att når alle stend upp, på den siste dag,» svara Marta.
- 25 Då sagde Jesus til henne: «Eg er uppstoda og livet! Den som trur på meg, skal liva, um han so døyr,
- 26 og kvar den som liver og trur på meg, skal i all æva ikkje døy. Trur du det?»
- 27 «Ja, Herre,» svara ho, «eg hev trutt, og trur, at du er Messias, Guds son, han som skulde koma til verdi.»
- 28 Med so sagt gjekk ho av ’stad og kalla på Maria, syster si, og sagde til henne i løynd: «Meisteren er her og spør etter deg.»
- 29 Då ho høyrde det, reiste ho seg snøgt og gjekk ut til honom.
- 30 Jesus hadde endå ikkje kome inn i byen; han var endå på den staden der Marta hadde møtt honom.
- 31 Då jødarne som var heime hjå Maria og trøysta henne, såg at ho brått reiste seg og gjekk ut, fylgde dei etter henne; dei tenkte ho gjekk ut til gravi og vilde gråta der.
- 32 Som no Maria kom dit som Jesus var og fekk sjå honom, kasta ho seg ned for føterne hans og sagde: «Herre, hadde du vore her, so hadde ikkje bror min døytt.»
- 33 Då Jesus såg at ho gret, og at jødarne som hadde fylgt henne gret, vart han harm i hugen og øste seg upp og sagde:
- 34 «Kvar hev de lagt honom?» - «Kom og sjå, Herre!» svara dei.
- 35 Jesus gret.
- 36 Då sagde jødarne: «Sjå kor kjær han hadde honom!»
- 37 Og sume av deim sagde: «Kunde ikkje han som opna augo på den blinde, ha gjort det so at denne mannen ikkje hadde døytt?»
- 38 Då vart Jesus på nytt harm inni seg og gjekk burt til gravi; det var ein heller, og det låg ein stein attfyre.
- 39 «Tak steinen ifrå!» segjer Jesus. Då segjer Marta, syster åt den avlidne: «Herre, det tevjar alt av honom, for han hev lege der på fjorde dagen!»
- 40 Jesus segjer til henne: «Sagde eg deg ikkje at dersom du trur, skal du få sjå Guds herlegdom!»
- 41 So tok dei steinen ifrå. Og Jesus lyfte augo mot himmelen og sagde: «Fader! eg takkar deg for di du hev høyrt meg!
- 42 Eg visste nok at du alltid høyrer meg; men for folket skuld som stend her kringum, segjer eg dette, so dei skal tru at det er du som hev sendt meg.»
- 43 Då han det hadde sagt, ropa han med høg røyst: «Lasarus, kom ut!»
- 44 Ut kom den daude, med føterne og henderne sveipte i lindar, og med ein sveiteduk bunden kring andlitet. «Løys honom, so han fær ganga!» sagde Jesus til deim.
- 45 Mange av jødarne, alle dei som var komne til Maria og hadde set det han gjorde, trudde då på honom.
- 46 Nokre av deim gjekk til farisæarane og sagde deim kva Jesus hadde gjort.
- 47 Då kalla øvsteprestarne og farisæarane det Høge Rådet i hop til eit møte og sagde: «Kva skal me gjera? Denne mannen gjer mange teikn!
- 48 Let me honom få halda på soleis, kjem alle til å tru på honom, og då kjem romarane og tek både landet og folket vårt.»
- 49 Og ein av deim, Kajafas - han var øvsteprest det året - sagde til deim:
- 50 «De veit ingen ting! Ikkje heller tenkjer de på at det er til bate for dykk at ein mann døyr for landslyden, so ikkje heile folket gjeng til grunns.»
- 51 Det sagde han ikkje av seg sjølv, men av di han var øvsteprest det året, var ordi hans ein spådom um at Jesus skulde døy for folket,
- 52 og ikkje berre for folket, men at han og skulde samla i hop til eitt Guds born som er spreidde ikring.
- 53 Frå den dagen lagde dei upp råd um å drepa honom.
- 54 Difor gjekk ikkje Jesus lenger fritt ikring millom jødarne, men for derifrå til dei bygderne som ligg tett med øydemarki, til ein by som heiter Efraim; der heldt han til eit bil med læresveinarne sine.
- 55 No leid det nær til påskehelgi åt jødarne, og mange for frå bygderne upp til Jerusalem fyre påske og skulde helga seg.
- 56 Då leita dei etter Jesus, og sagde seg imillom med dei stod i templet: «Kva tenkjer de? Kjem han slett ikkje til høgtidi?»
- 57 Men øvsteprestarne og farisæarane hadde gjeve påbod um at dersom nokon fekk vita kvar han var, skulde han segja frå, so dei kunde gripa honom.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗