요한복음 12장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 요한복음 (John) · 50절 · 대역: King James Version
| 절 | Studentmållagsbibelen frå 1921 | King James Version |
|---|---|---|
| 1 | Seks dagar fyre påske kom Jesus til Betania, der Lasarus budde, han som Jesus hadde vekt upp frå dei daude. | Then Jesus six days before the passover came to Bethany, where Lazarus was which had been dead, whom he raised from the dead. |
| 2 | Der gjorde dei eit gjestebod for honom; Marta stelte for deim, og Lasarus var ein av deim som sat til bords med honom. | There they made him a supper; and Martha served: but Lazarus was one of them that sat at the table with him. |
| 3 | Då tok Maria eit pund egte, dyr nardesalve og salva føterne åt Jesus, og turka føterne hans med håret sitt; og huset vart fullt av salveangen. | Then took Mary a pound of ointment of spikenard, very costly, and anointed the feet of Jesus, and wiped his feet with her hair: and the house was filled with the odour of the ointment. |
| 4 | So segjer Judas Iskariot, ein av læresveinarne hans, han som sidan sveik honom: | Then saith one of his disciples, Judas Iscariot, Simon’s son, which should betray him, |
| 5 | «Kvi vart ikkje denne salven seld for eit halvt hundrad dalar, og gjeven til fatigfolk?» | Why was not this ointment sold for three hundred pence, and given to the poor? |
| 6 | Det sagde han ikkje av umsut for dei fatige, men av di han var ein tjuv; det var han som hadde kassa, og han tok jamleg av det som vart lagt ned der. | This he said, not that he cared for the poor; but because he was a thief, and had the bag, and bare what was put therein. |
| 7 | Då sagde Jesus: «Lat henne vera i fred! Det er som ho skulde ha gøymt det til jordferdsdagen min. | Then said Jesus, Let her alone: against the day of my burying hath she kept this. |
| 8 | For dei fatige hev de alltid hjå dykk, men meg hev de ikkje alltid.» | For the poor always ye have with you; but me ye have not always. |
| 9 | No fekk ei stor mengd av jødarne vita at han var der, og dei kom, ikkje berre for Jesu skuld, men og for å sjå Lasarus, som han hadde vekt upp frå dei daude. | Much people of the Jews therefore knew that he was there: and they came not for Jesus’ sake only, but that they might see Lazarus also, whom he had raised from the dead. |
| 10 | Då lagde øvsteprestarne upp råd um å drepa Lasarus og; | But the chief priests consulted that they might put Lazarus also to death; |
| 11 | for mange av jødarne gjekk for hans skuld dit og kom til å tru på Jesus. | Because that by reason of him many of the Jews went away, and believed on Jesus. |
| 12 | Dagen etter spurdest det bland den store folkehopen som var komen til høgtidi, at Jesus var på veg til Jerusalem. | On the next day much people that were come to the feast, when they heard that Jesus was coming to Jerusalem, |
| 13 | Då tok dei palmekvister og gjekk til møtes med honom og ropa: «Hosianna! Velsigna vere han som kjem i Herrens namn, Israels konge!» | Took branches of palm trees, and went forth to meet him, and cried, Hosanna: Blessed is the King of Israel that cometh in the name of the Lord. |
| 14 | Jesus fann seg eit ungt asen og sette seg på det, so som skrive stend: | And Jesus, when he had found a young ass, sat thereon; as it is written, |
| 15 | «Ottast ikkje, Sions dotter! Sjå, her kjem din konung ridand’ sit uppå ein asenfole.» | Fear not, daughter of Sion: behold, thy King cometh, sitting on an ass’s colt. |
| 16 | I fyrstninga skyna ikkje læresveinarne dette; men då Jesus var herleggjord, då kom dei i hug at dette var skrive um honom, og at dei hadde gjort det so for honom. | These things understood not his disciples at the first: but when Jesus was glorified, then remembered they that these things were written of him, and that they had done these things unto him. |
| 17 | Folkehopen som var med honom, vitna at han hadde ropa Lasarus ut or gravi og vekt honom upp frå dei daude. | The people therefore that was with him when he called Lazarus out of his grave, and raised him from the dead, bare record. |
| 18 | Difor var det og folket kom imot honom; for dei hadde høyrt at han hadde gjort det teiknet. | For this cause the people also met him, for that they heard that he had done this miracle. |
| 19 | Då sagde farisæarane seg imillom: «Der ser de: det nyttar dykk inkje; heile verdi flyg etter honom!» | The Pharisees therefore said among themselves, Perceive ye how ye prevail nothing? behold, the world is gone after him. |
| 20 | Det var nokre grækarar der, av deim som jamleg for upp og tilbad på høgtidi; | And there were certain Greeks among them that came up to worship at the feast: |
| 21 | dei kom til Filip, han frå Betsaida i Galilæa, og bad honom: «Gode herre, me vilde so gjerne få sjå Jesus!» | The same came therefore to Philip, which was of Bethsaida of Galilee, and desired him, saying, Sir, we would see Jesus. |
| 22 | Filip gjeng og segjer det med Andreas, og Andreas og Filip kjem og segjer det med Jesus. | Philip cometh and telleth Andrew: and again Andrew and Philip tell Jesus. |
| 23 | Jesus svara deim so: «Timen er komen då Menneskjesonen skal herleggjerast! | And Jesus answered them, saying, The hour is come, that the Son of man should be glorified. |
| 24 | Det segjer eg dykk for visst og sant: Fell ikkje kveitekornet i jordi og døyr, so er det og vert det berre eitt korn; men døyr det, gjev det stor grøda! | Verily, verily, I say unto you, Except a corn of wheat fall into the ground and die, it abideth alone: but if it die, it bringeth forth much fruit. |
| 25 | Den som elskar livet sitt, misser det, og den som hatar livet sitt i denne verdi, skal berga det til eit ævelegt liv. | He that loveth his life shall lose it; and he that hateth his life in this world shall keep it unto life eternal. |
| 26 | Um nokon tener meg, so lyt han fylgja meg, og der som eg er, der skal tenaren min og vera; den som tener meg, honom skal Faderen æra. | If any man serve me, let him follow me; and where I am, there shall also my servant be: if any man serve me, him will my Father honour. |
| 27 | No er sjæli mi full av uro, og kva skal eg segja? «Fader, frels meg frå denne stundi!» Men nei, difor er det eg hev nått til denne stundi - | Now is my soul troubled; and what shall I say? Father, save me from this hour: but for this cause came I unto this hour. |
| 28 | Fader, herleggjer namnet ditt!» Då kom det ei røyst frå himmelen: «Både hev eg herleggjort det og skal eg på nytt herleggjera det.» | Father, glorify thy name. Then came there a voice from heaven, saying, I have both glorified it, and will glorify it again. |
| 29 | Folket som stod der og høyrde det, sagde at tora hadde slege. Andre sagde: «Det var ein engel som tala til honom. | The people therefore, that stood by, and heard it, said that it thundered: others said, An angel spake to him. |
| 30 | Då tok Jesus til ords og sagde: «Det var ’kje for mi skuld denne røysti kom, men for dykkar skuld. | Jesus answered and said, This voice came not because of me, but for your sakes. |
| 31 | No gjeng det dom yver denne verdi; no skal hovdingen yver denne verdi kastast ut. | Now is the judgment of this world: now shall the prince of this world be cast out. |
| 32 | Og når eg vert lyft upp frå jordi, skal eg draga alle åt meg.» | And I, if I be lifted up from the earth, will draw all men unto me. |
| 33 | Det sagde han for å syna kva slag avferd han skulde få. | This he said, signifying what death he should die. |
| 34 | Folket svara: «Me hev høyrt av lovi at Messias liver æveleg; korleis hev det seg då at du segjer Menneskjesonen skal lyftast upp? Kven er denne Menneskjesonen?» | The people answered him, We have heard out of the law that Christ abideth for ever: and how sayest thou, The Son of man must be lifted up? who is this Son of man? |
| 35 | Då sagde Jesus til deim: Endå ei liti stund er ljoset ibland dykk. Gakk so lenge de hev ljoset, so ikkje myrkret skal koma yver dykk! Den som gjeng i myrkret, veit ikkje kvar han kjem av. | Then Jesus said unto them, Yet a little while is the light with you. Walk while ye have the light, lest darkness come upon you: for he that walketh in darkness knoweth not whither he goeth. |
| 36 | So lenge de hev ljoset, so tru på ljoset, so de kann verta born åt ljoset!» Soleis tala Jesus; so gjekk han burt og løynde seg for deim. | While ye have light, believe in the light, that ye may be the children of light. These things spake Jesus, and departed, and did hide himself from them. |
| 37 | Men endå han hadde gjort so mange teikn for augo deira, trudde dei ikkje på honom; | But though he had done so many miracles before them, yet they believed not on him: |
| 38 | det skulde sannast det ordet som profeten Jesaja hev tala: «Herre, kven trudde det bodet me høyrde? Og kven synte Herrens arm seg for?» | That the saying of Esaias the prophet might be fulfilled, which he spake, Lord, who hath believed our report? and to whom hath the arm of the Lord been revealed? |
| 39 | Difor kunde dei ikkje tru; for ein annan stad hev Jesaja sagt: | Therefore they could not believe, because that Esaias said again, |
| 40 | «Han hev gjort augo deira blinde, og hev gjort hugen deira hard, so dei med augo inkje sjå med hjarta inkje skyna skal, og snu so eg deim lækja fær.» | He hath blinded their eyes, and hardened their heart; that they should not see with their eyes, nor understand with their heart, and be converted, and I should heal them. |
| 41 | So sagde Jesaja då han såg hans herlegdom og tala um honom. | These things said Esaias, when he saw his glory, and spake of him. |
| 42 | Like vel var det då mange, jamvel av styresmennerne, som trudde på honom; men dei vilde ikkje kjennast ved det for farisæarane skuld; dei var rædde dei kunde verta utstøytte or synagoga; | Nevertheless among the chief rulers also many believed on him; but because of the Pharisees they did not confess him, lest they should be put out of the synagogue: |
| 43 | for dei heldt æra hjå menneski gjævare enn æra hjå Gud. | For they loved the praise of men more than the praise of God. |
| 44 | Men Jesus ropa ut: «Den som trur på meg, trur ikkje på meg, men på honom som sende meg, | Jesus cried and said, He that believeth on me, believeth not on me, but on him that sent me. |
| 45 | og den som ser meg, ser honom som sende meg. | And he that seeth me seeth him that sent me. |
| 46 | Eg er komen til verdi - eit ljos, so ingen som trur på meg, skal verta verande i myrkret. | I am come a light into the world, that whosoever believeth on me should not abide in darkness. |
| 47 | Um nokon høyrer ordi mine og ikkje tek vare på deim, so dømer ikkje eg honom; for eg er ’kje komen på den måten at eg skal døma verdi, men at eg skal frelsa verdi. | And if any man hear my words, and believe not, I judge him not: for I came not to judge the world, but to save the world. |
| 48 | Den som vandar meg og ikkje tek imot ordi mine, hev den som dømer honom: det ordet eg hev tala, det skal døma honom på den siste dag. | He that rejecteth me, and receiveth not my words, hath one that judgeth him: the word that I have spoken, the same shall judge him in the last day. |
| 49 | For eg hev ikkje tala av meg sjølv; men Faderen, som sende meg, han hev sagt meg fyre kva eg skal segja og kva eg skal tala; | For I have not spoken of myself; but the Father which sent me, he gave me a commandment, what I should say, and what I should speak. |
| 50 | og eg veit at hans fyresegn er eit ævelegt liv. So talar eg då det som eg talar heiltupp so som Faderen hev sagt meg.» | And I know that his commandment is life everlasting: whatsoever I speak therefore, even as the Father said unto me, so I speak. |
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗
King James Version — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: GPL