요한복음 13장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 요한복음 (John) · 38절
- 1 Det var straks fyre påskehøgtidi: Jesus visste at hans time var komen då han skulde fara burt frå denne verdi og heim til Faderen, og som han hadde elska sine eigne, som var i verdi, so elska han deim til enden.
- 2 Då dei heldt kveldverd, og djevelen alt hadde skote det i hugen på Judas Simonsson Iskariot at han skulde svika honom,
- 3 og då Jesus visste at Faderen hadde gjeve alt i hans hender, og at han var komen frå Gud og gjekk til Gud,
- 4 so reiser han seg frå bordet og legg av seg kjolen sin, og tek eit handklæde og batt um seg;
- 5 so slær han vatn i vaskarfatet og tok til å två føterne åt læresveinarne og turka dei med handklædet som han hadde bunde kring livet.
- 6 Han kjem då til Simon Peter, og han segjer til honom: «Herre, tvær du mine føter?»
- 7 Jesus svara honom so: «Kva det er eg gjer, veit du ikkje no, men du skal skyna det sidan.»
- 8 «Aldri i verdi skal du två mine føter,» segjer Peter. «Dersom eg ikkje tvær deg, hev du ingen ting i hop med meg,» svara Jesus.
- 9 Simon Peter segjer til honom: «Herre, ikkje berre føterne, men henderne og hovudet med!»
- 10 «Den som hev lauga seg, treng ikkje två anna enn føterne; elles er han heiltupp rein,» segjer Jesus; «og de er reine, men ikkje alle.»
- 11 Han visste kven som skulde svika honom; difor var det han sagde: «De er ’kje reine alle.»
- 12 Då han no hadde tvege føterne deira og teke på seg kjolen sin og sett seg til bords att, sagde han til deim: «Skynar de kva det er eg hev gjort med dykk?
- 13 De kallar meg «Meister» og «Herre,» og det segjer sant; for det er eg.
- 14 Hev no eg, herren og meisteren, tvege føterne dykkar, so lyt de og två føterne åt kvarandre.
- 15 Det er eit mynster eg hev synt dykk; som eg gjorde med dykk, so skal de og gjera.
- 16 Det segjer eg dykk for visst og sant: Ein tenar er ikkje større enn herren sin, og ein ærendsvein er ikkje større enn den som hev sendt honom.
- 17 Veit de det, so er de sæle, so sant de gjer etter det.
- 18 Eg talar ikkje um dykk alle; eg veit kven eg valde ut; men det var so Skrifti skulde sannast: «Den som et mitt brød, hev lyft sin hæl imot meg.»
- 19 Eg segjer dykk det alt no, fyrr det hev hendt, so de, når det hender, skal tru at eg er den eg er.
- 20 Det segjer eg dykk for visst og sant: Den som tek imot ein eg sender, tek imot meg, og den som tek imot meg, tek imot den som sende meg.»
- 21 Då Jesus hadde sagt det, vart han uppøst i åndi, og sagde sterkt og ålvorsamt: «Det segjer eg dykk for visst og sant: Ein av dykk kjem til å svika meg!»
- 22 Læresveinarne såg på kvarandre og kunde ikkje skyna kven det var han meinte.
- 23 Ein av læresveinarne - den som Jesus elska - sat ved hans høgre sida.
- 24 Honom gjer Simon Peter eit teikn til, og segjer til honom: «Seg kven det er han meiner!»
- 25 Han bøygde seg då næmare innåt Jesus, og segjer til honom: «Herre, kven er det?»
- 26 «Det er han som eg gjev den biten eg no duppar i fatet,» svara Jesus. So duppar han biten, og tek og gjev honom til Judas Simonsson Iskariot.
- 27 Og då han hadde fenge biten, då for Satan i honom. So segjer Jesus til honom: «Gjer det snart, det du vil gjera!»
- 28 Men ingen av deim som sat med til bords, skyna kva han meinte med det han sagde til honom.
- 29 Sidan det var Judas som hadde kassa, tenkte sume at Jesus vilde segja som so: «Kjøp det me treng til høgtidi!» eller at han skulde gjeva noko til dei fatige.
- 30 Med det same Judas hadde teke mot biten, gjekk han ut. Det var natt.
- 31 Då han var gjengen, sagde Jesus: «No er Menneskjesonen herleggjord, og Gud er herleggjord i honom.
- 32 Er Gud herleggjord i honom, so skal Gud og herleggjera honom i seg sjølv, og han skal herleggjera honom snart.
- 33 Berre ei liti stund er eg endå hjå dykk, borni mine. De kjem til å leita etter meg, og som eg sagde til jødarne: «Dit eg gjeng, kann ikkje de koma,» so segjer eg no til dykk og.
- 34 Eit nytt bod gjev eg dykk: at de skal elska kvarandre; liksom eg hev elska dykk, so skal de og elska kvarandre.
- 35 På det skal alle skyna at de er mine læresveinar - på det at de hev kjærleik til kvarandre.»
- 36 Simon Peter segjer til honom: «Herre, kvar gjeng du av?» Jesus svara: «Dit eg gjeng, kann du ikkje fylgja meg no, men du skal fylgja meg sidan.»
- 37 «Kvi kann eg ikkje fylgja deg straks, Herre?» segjer Peter; «eg vil gjeva mitt liv for deg!»
- 38 «Vil du gjeva ditt liv for meg?» svara Jesus; «det segjer eg deg for visst og sant: Hanen skal ikkje gala fyrr du hev avneitta meg tri gonger.»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗