야고보서 3장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 야고보서 (James) · 18절
- 1 Mine brør, ikkje mange av dykk verte lærarar! etter di de veit at me skal få dess tyngre dom.
- 2 For alle snåvar me i mangt. Den som ikkje snåvar i tale, han er ein fullkomen mann, som er før til å tøyma heile likamen.
- 3 Når me legg beisl i munnen på hestarne, so dei skal lystra oss, so styrer me og heile likamen deira.
- 4 Sjå og skipi: endå dei er so store og vert drivne av sterk vind, so vert dei då med ein liten ror styrde dit som styremannen vil hava deim.
- 5 So er og tunga ein liten lem, og talar då store ord. Sjå ein liten eld: kor stor ein skog han set i brand!
- 6 Tunga er og ein eld; ei verd full av urettferd, soleis stend tunga millom lemerne våre; ho smittar heile likamen og set livsens hjul i loge, og vert sjølv sett i loge frå helvite.
- 7 For all natur, både i dyr og fuglar, både i ormar og sjødyr, vert tamd og hev vorte tamd av den menneskjelege natur;
- 8 men tunga kann inkje menneskje temja; ho er ein ustyrleg vond ting, full av døyande eiter.
- 9 Med henne velsignar me Herren og Faderen, og med henne bannar me menneski som er skapte etter Guds bilæte.
- 10 Or same munnen kjem det velsigning og banning. Dette må ikkje vera so, mine brør!
- 11 Kann då kjelda gjeva søtt og beiskt vatn ut or same uppkoma?
- 12 Mine brør, kann då eit fiketre bera oljebær, eller eit vintre fikor? So kann ikkje heller ei salt kjelde gjeva søtt vatn.
- 13 Kven er vis og vitug imillom dykk? Han må ved god ferd syna sine gjerningar i visdoms spaklynde.
- 14 Men hev de beisk ovund og stridssykja i hjarto dykkar, so rosa dykk ikkje og ljug ikkje imot sanningi!
- 15 Den visdomen kjem ikkje ovantil, men er jordisk, sanseleg, djevelsk.
- 16 For der det er ovund og stridssykja, der er ugreida og alt det som vondt er.
- 17 Men visdomen ovantil, han er fyrst og fremst rein, og dinæst fredsam, rimeleg, ettergjevande, full av miskunn og gode frukter, fri for tvil og fri for skrymt.
- 18 Men rettferds frukt vert sådd i fred for deim som held fred.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗