야고보서 3장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 야고보서 (James) · 18절 · 대역: King James Version
| 절 | Studentmållagsbibelen frå 1921 | King James Version |
|---|---|---|
| 1 | Mine brør, ikkje mange av dykk verte lærarar! etter di de veit at me skal få dess tyngre dom. | My brethren, be not many masters, knowing that we shall receive the greater condemnation. |
| 2 | For alle snåvar me i mangt. Den som ikkje snåvar i tale, han er ein fullkomen mann, som er før til å tøyma heile likamen. | For in many things we offend all. If any man offend not in word, the same is a perfect man, and able also to bridle the whole body. |
| 3 | Når me legg beisl i munnen på hestarne, so dei skal lystra oss, so styrer me og heile likamen deira. | Behold, we put bits in the horses’ mouths, that they may obey us; and we turn about their whole body. |
| 4 | Sjå og skipi: endå dei er so store og vert drivne av sterk vind, so vert dei då med ein liten ror styrde dit som styremannen vil hava deim. | Behold also the ships, which though they be so great, and are driven of fierce winds, yet are they turned about with a very small helm, whithersoever the governor listeth. |
| 5 | So er og tunga ein liten lem, og talar då store ord. Sjå ein liten eld: kor stor ein skog han set i brand! | Even so the tongue is a little member, and boasteth great things. Behold, how great a matter a little fire kindleth! |
| 6 | Tunga er og ein eld; ei verd full av urettferd, soleis stend tunga millom lemerne våre; ho smittar heile likamen og set livsens hjul i loge, og vert sjølv sett i loge frå helvite. | And the tongue is a fire, a world of iniquity: so is the tongue among our members, that it defileth the whole body, and setteth on fire the course of nature; and it is set on fire of hell. |
| 7 | For all natur, både i dyr og fuglar, både i ormar og sjødyr, vert tamd og hev vorte tamd av den menneskjelege natur; | For every kind of beasts, and of birds, and of serpents, and of things in the sea, is tamed, and hath been tamed of mankind: |
| 8 | men tunga kann inkje menneskje temja; ho er ein ustyrleg vond ting, full av døyande eiter. | But the tongue can no man tame; it is an unruly evil, full of deadly poison. |
| 9 | Med henne velsignar me Herren og Faderen, og med henne bannar me menneski som er skapte etter Guds bilæte. | Therewith bless we God, even the Father; and therewith curse we men, which are made after the similitude of God. |
| 10 | Or same munnen kjem det velsigning og banning. Dette må ikkje vera so, mine brør! | Out of the same mouth proceedeth blessing and cursing. My brethren, these things ought not so to be. |
| 11 | Kann då kjelda gjeva søtt og beiskt vatn ut or same uppkoma? | Doth a fountain send forth at the same place sweet water and bitter? |
| 12 | Mine brør, kann då eit fiketre bera oljebær, eller eit vintre fikor? So kann ikkje heller ei salt kjelde gjeva søtt vatn. | Can the fig tree, my brethren, bear olive berries? either a vine, figs? so can no fountain both yield salt water and fresh. |
| 13 | Kven er vis og vitug imillom dykk? Han må ved god ferd syna sine gjerningar i visdoms spaklynde. | Who is a wise man and endued with knowledge among you? let him shew out of a good conversation his works with meekness of wisdom. |
| 14 | Men hev de beisk ovund og stridssykja i hjarto dykkar, so rosa dykk ikkje og ljug ikkje imot sanningi! | But if ye have bitter envying and strife in your hearts, glory not, and lie not against the truth. |
| 15 | Den visdomen kjem ikkje ovantil, men er jordisk, sanseleg, djevelsk. | This wisdom descendeth not from above, but is earthly, sensual, devilish. |
| 16 | For der det er ovund og stridssykja, der er ugreida og alt det som vondt er. | For where envying and strife is, there is confusion and every evil work. |
| 17 | Men visdomen ovantil, han er fyrst og fremst rein, og dinæst fredsam, rimeleg, ettergjevande, full av miskunn og gode frukter, fri for tvil og fri for skrymt. | But the wisdom that is from above is first pure, then peaceable, gentle, and easy to be intreated, full of mercy and good fruits, without partiality, and without hypocrisy. |
| 18 | Men rettferds frukt vert sådd i fred for deim som held fred. | And the fruit of righteousness is sown in peace of them that make peace. |
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗
King James Version — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: GPL