야고보서 2장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 야고보서 (James) · 26절
- 1 Mine brør! Lat ikkje dykkar tru på vår Herre Jesus Kristus, den herleggjorde, hava det med seg, at de gjer skil på folk!
- 2 For um det kjem ein mann inn i dykkar samling med gullring på fingeren og i skinande klæde, men det og kjem ein fatigmann i skitne klæde,
- 3 og de ser på honom som hev den skinande klædnaden, og segjer til honom: «Set du deg her i god sess!» og de segjer til den fatige: «Statt du der, eller set deg nedfor fotskammelen min!» -
- 4 gjer de ikkje då skilnad hjå dykk sjølve og dømer etter vonde tankar?
- 5 Høyr no, mine kjære brør! Hev ikkje Gud valt ut dei fatige i denne verdi til å vera rike i tru og ervingar til det riket han hev lova deim som honom elskar?
- 6 Men de hev vanæra den fatige. Er det ikkje dei rike som trælkar dykk, og som dreg dykk fram for domstolarne?
- 7 Spottar ikkje dei det gode namnet som de er kalla med?
- 8 I sanning, um de uppfyller den kongelege lov etter skrifti: «Du skal elska din næste som deg sjølv,» so gjer de vel;
- 9 men gjer de skil på folk, so gjer de synd, og lovi refser dykk som lovbrjotarar.
- 10 For den som held heile lovi, men snåvar i ein ting, han hev vorte saka i alt.
- 11 For han som sagde: «Du skal ikkje driva hor,» han sagde og: «Du skal ikkje slå i hel.» Um du då ikkje driv hor, men slær i hel, so hev du vorte ein lovbrjotar.
- 12 Tala so og gjer so som dei som skal verta dømde etter fridoms lov!
- 13 For domen skal vera miskunnlaus yver den som ikkje hev gjort miskunn; men miskunn rosar seg mot domen.
- 14 Kva gagnar det, mine brør, um nokon segjer at han hev tru, når han ikkje hev gjerningar? Kann vel trui frelsa honom?
- 15 Um ein bror eller ei syster er nakne og vantar føda for dagen,
- 16 og ein av dykk segjer til deim: «Gakk i fred, verm dykk og et dykk mette!» men de ikkje gjev deim det som likamen treng, kva gagnar so det?
- 17 Soleis og med trui: hev ho ikkje gjerningar, so er ho daud i seg sjølv.
- 18 Men ein kann segja: «Du hev tru, og eg hev gjerningar. Syn meg di tru utan gjerningar, og eg skal syna deg mi tru av mine gjerningar!
- 19 Du trur at Gud er ein; du gjer rett. Djevlarne trur og det og skjelv.»
- 20 Og vil du vita det, du dårlege menneskje, at trui er nyttelaus utan gjerningar?
- 21 Abraham, vår far, vart ikkje han rettferdiggjord ved gjerningar, då han ofra Isak, son sin, på altaret?
- 22 Du ser at trui verka saman med hans gjerningar, og at trui vart fullkomi ved gjerningarne,
- 23 og skrifti vart uppfyllt, som segjer: «Men Abraham trudde Gud, og det vart rekna honom til rettferd,» og han vart kalla Guds ven.
- 24 De ser då, at eit menneskje vert rettferdiggjort ved gjerningar og ikkje berre ved tru.
- 25 Like eins og med skjøkja Rahab: vart ho ikkje rettferdiggjord ved gjerningar, då ho tok imot sendemennerne og slepte deim ut ein annan veg?
- 26 For liksom likamen er daud utan ånd, so er og trui daud utan gjerningar.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗