야고보서 4장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 야고보서 (James) · 17절
- 1 Kva kjem all ufred og strid av millom dykk? Er det ikkje av dykkar lyster, som strider i lemerne dykkar?
- 2 De lystar og hev ikkje; de slær i hel og ovundast og kann ikkje få; de ligg i strid og ufred. De hev ikkje, av di de ikkje bed;
- 3 de bed og fær ikkje, av di de bed ille, um slikt som de kann øyda upp i dykkar lyster.
- 4 De utrugne! veit de ikkje at venskap med verdi er fiendskap imot Gud? Den som då vil vera ven med verdi, han vert Guds fiende.
- 5 Eller trur de at skrifti talar fåfengt? Med brennhug trår han etter Anden som han hev late bu i oss. Men di større er den nåde som han gjev.
- 6 Difor heiter det: «Gud stend dei stolte imot, men dei audmjuke gjev han nåde.»
- 7 Ver difor Gud undergjevne! Men statt djevelen imot, so skal han fly frå dykk!
- 8 Haldt dykk nær til Gud, so skal han halda seg nær til dykk! Reinsa henderne, de syndarar, og gjer hjarto reine, de tvihuga!
- 9 Kjenn dykkar naud og syrg og gråt! Lat låtten dykkar vendast til sorg, og gleda til trege.
- 10 Audmyk dykk for Herren, so skal han upphøgja dykk!
- 11 Baktala ikkje kvarandre, brør! Den som baktalar ein bror eller dømer bror sin, han baktalar lovi og dømer lovi; men dømer du lovi, so er du ikkje ein som gjer etter lovi, men hennar domar.
- 12 Ein er lovgjevaren og domaren, han som er megtig til å frelsa og til å tyna. Men du, kven er du som dømer din næste?
- 13 Og no, de som segjer: «I dag eller i morgon vil me fara til den byen og vera der eit år og handla og hava vinning,»
- 14 de som ikkje veit kva som skal henda i morgon! For kva er livet dykkar? De er ein eim som ei liti stund er synleg og so kverv burt.
- 15 I staden for at de skulde segja: «Um Herren vil, so kjem me til å liva, og so skal me gjera det eller det!»
- 16 Men no rosar de dykk sjølve i dykkar storlæte. All slik ros er vond.
- 17 Den som då veit å gjera godt, men ikkje gjer det, han hev synd for det.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗