로그인

시편 63편 Studentmållagsbibelen frå 1921

Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 11절

  1. 1 Ein salme av David, då han var i Juda øydemark.
  2. 2 Gud, du er min Gud, eg søkjer deg tidleg; mi sjæl tyrster etter deg, mitt kjøt lengtar etter deg i eit turt land som ligg i vanmagt utan vatn.
  3. 3 Soleis hev eg set etter deg i heilagdomen til å sjå di kraft og di æra.
  4. 4 For di miskunn er betre enn livet, mine lippor skal prisa deg.
  5. 5 Soleis vil eg lova deg so lenge eg liver, i ditt namn vil eg lyfta upp mine hender.
  6. 6 Som av merg og feitt skal mi sjæl verta mett, og med lovsyngjande lippor skal min munn prisa deg.
  7. 7 Når eg kjem deg i hug på mitt lægje, tenkjer eg på deg i nattevakterne.
  8. 8 For du hev vore hjelp for meg, i skuggen av dine vengjer kann eg fegnast.
  9. 9 Mi sjæl heng fast ved deg; di høgre hand held meg uppe.
  10. 10 Men dei som stend meg etter livet og vil tyna det, dei skal koma til dei nedste djup i jordi.
  11. 11 Dei skal verta yvergjevne til sverdmagt, verta til ran for revar. Men kongen skal gleda seg i Gud; kvar den som sver ved honom, skal prisa seg sæl, for ljugararne skal verta målbundne.

Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗