시편 62편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 12절
- 1 Til songmeisteren, for Jedutun; ein salme av David.
- 2 Einast hjå Gud er mi sjæl still, frå honom kjem mi frelsa.
- 3 Einast han er mitt fjell og mi frelsa, han er mi borg, dei skal ikkje rikka meg mykje.
- 4 Kor lenge vil de alle storma inn på ein mann, brjota honom ned som ein hallande mur, ein nedrapa vegg?
- 5 Dei samråder seg berre um å støypa honom ned frå hans høgd. Dei likar lygn. Med munnen velsignar dei, men i hjarta bannar dei. Sela.
- 6 Einast hjå Gud ver still, mi sjæl, for frå honom kjem mi von.
- 7 Einast han er mitt fjell og mi frelsa, mi borg, dei skal ikkje rikka meg.
- 8 Hjå Gud er mi frelsa og mi æra; mitt sterke fjell, mi livd er i Gud.
- 9 Lit på honom all tid, folk, renn dykkar hjarta ut for hans åsyn! Gud er livd for oss. Sela.
- 10 Berre fåfengd er menneskjesøner, lygn er mannesøner. I vegtskåli stig dei upp - lettare enn fåfengd alle saman.
- 11 Lit ikkje på vald, og set ikkje fåfengd von til ran! Når buet veks, fest ikkje hjarta ved det!
- 12 Ein gong hev Gud sagt, tvo gonger hev eg høyrt dette, at styrke høyrer Gud til. Og hjå deg, Herre, er miskunn, for du gjev kvar ein etter hans gjerning.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗