시편 64편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 10절
- 1 Til songmeisteren; ein salme av David.
- 2 Gud, høyr mi røyst når eg klagar, vara mitt liv frå fiende-skræmsla!
- 3 Gøym meg for løyndelaget av dei vonde, for den bråkande hop av illgjerningsmenner,
- 4 som kvesser si tunga som eit sverd, siktar med si pil, det beiske ord,
- 5 og vil skjota ned den uskuldige i løynd; brått skyt dei honom og ræddast ikkje.
- 6 Dei styrkjer seg i si vonde råd, dei fortel at dei vil leggja løynde snaror, dei segjer: «Kven ser deim?»
- 7 Dei tenkjer upp ugjerningar: «Me er ferdige, tanken er tenkt» - og det indste i mannen og hjarta er djupt.
- 8 Då skyt Gud deim, pili kjem brått og sårar deim.
- 9 Dei stupar ned, deira tunge kjem yver deim, alle som ser på deim, rister på hovudet.
- 10 Og alle menneskje ræddast og forkynner Guds gjerning, og hans verk skynar dei. Den rettferdige gleder seg i Herren og flyr til honom, og alle ærlege av hjarta prise seg sæle.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗