시편 50편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 23절
- 1 Ein salme av Asaf. Gud, Gud Herren talar og kallar på jordi frå solekoma til soleglad.
- 2 Frå Sion, fagerleiks kruna, strålar Gud fram.
- 3 Vår Gud kjem og skal ikkje tegja. For hans åsyn gjeng etande eld, og ikring honom stormar det sterkt.
- 4 Han kallar på himmelen ovantil og på jordi til å døma sitt folk.
- 5 «Samla til meg mine trugne, som hev gjort pakt med meg um offer!»
- 6 Og himlarne forkynner hans rettferd; for Gud er den som skal halda dom. Sela.
- 7 «Høyr, mitt folk, eg vil tala; Israel, eg vil vitna imot deg; Gud, din Gud er eg.
- 8 Ikkje for dine offer vil eg lasta deg; dine brennoffer er alltid framfyre meg.
- 9 Eg vil ikkje taka uksar frå ditt hus eller bukkar frå dine grindar.
- 10 For meg høyrer alle dyr i skogen til, fe på fjelli i tusundtal.
- 11 Eg kjenner alle fuglar på fjelli, og det som rører seg på marki, er meg for augo.
- 12 Um eg var hungrig, vilde eg ikkje segja det til deg; for meg høyrer jordriket til med alt det som fyller det.
- 13 Skulde eg eta kjøt av stutar og drikka blod av bukkar?
- 14 Ofra lov og takk til Gud og gjev den Høgste det du hev lova,
- 15 og kalla på meg den dag du er i naud, so vil eg frelsa deg ut, og du skal prisa meg.»
- 16 Men til den ugudlege segjer Gud: «Kva hev du med å fortelja um mine lover og taka mi pakt i din munn,
- 17 etter di du hatar tukt og kastar mine ord attum deg?
- 18 Når du ser ein tjuv, er du gjerne med honom, og med horkarar er du i lag.
- 19 Din munn slepper du laus til vondt, og di tunga spinn i hop svik.
- 20 Du sit og talar imot bror din, set ein skamflekk på son til mor di.
- 21 Dette gjorde du, og eg tagde; so tenkte du eg var liksom du sjølv; men eg vil yvertyda deg og leggja det fram for deg.
- 22 Gjev gaum etter dette, de som gløymer Gud, so eg ikkje skal riva burt, og ingen frelser.
- 23 Den som ofrar meg takk, han ærar meg, og den som gjeng den rette veg, honom vil eg lata sjå Guds frelsa!»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗