시편 51편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 19절
- 1 Til songmeisteren; ein salme av David,
- 2 då profeten Natan kom til honom, etter han hadde gjenge inn til Batseba.
- 3 Gud, ver meg nådig etter di miskunn! Sletta ut mine brot etter din store godhug!
- 4 Två meg vel rein frå mi skuld, og reinsa meg frå mi synd!
- 5 For mine misgjerningar kjenner eg, og mi synd er alltid framfyre meg.
- 6 Mot deg einast hev eg synda og gjort det som vondt er i dine augo, so du må vera rettferdig når du talar, vera rein når du dømer.
- 7 Sjå, eg er fødd i misgjerning, og mor mi hev avla meg i synd.
- 8 Sjå, du hev lyst til sanning i innarste; so lær meg då visdom i hjartans løynrom!
- 9 Reinsa meg frå synd med isop, so eg vert rein! Två meg, so eg vert kvitare enn snø!
- 10 Lat meg høyra fagnad og gleda, lat dei bein fagna seg som du hev slege sund!
- 11 Løyn di åsyn for mine synder, og sletta ut alle mine misgjerningar!
- 12 Gud, skap i meg eit reint hjarta, og gjev meg ei ny, stødug ånd inni meg!
- 13 Kasta meg ikkje burt frå di åsyn, og tak ikkje din heilage ande frå meg!
- 14 Gjev meg atter fagnaden av di frelsa, og haldt meg uppe med ei viljug ånd!
- 15 So vil eg læra lovbrjotarar dine vegar, og syndarar skal venda um til deg.
- 16 Gud, fria meg frå blodskuld, Gud, mine frelsar! So skal mi tunga fagna seg høgt yver di rettferd.
- 17 Herre, lat upp mine lippor! So skal min munn forkynna din pris.
- 18 For du hev ikkje lyst til slagtoffer - elles skulde eg gjeva deg det; i brennoffer hev du ikkje hugnad.
- 19 Offer for Gud er ei sundbroti ånd; eit sundbrote og knust hjarta vil du, Gud, ikkje forsmå. Gjer vel imot Sion etter din nåde, bygg murarne åt Jerusalem! Då skal du hava hugnad i rettferds offer, i brennoffer og heiloffer; då skal dei ofra uksar på ditt altar.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗