시편 49편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 20절
- 1 Til songmeisteren; av Korahs born; ein salme.
- 2 Høyr dette, alle folk, vend øyra til, alle de som bur i verdi,
- 3 både låge og høge, rik og fatig, alle saman!
- 4 Min munn skal tala visdom, og det som mitt hjarta tenkjer upp, er vit.
- 5 Eg vil bøygja mitt øyra til fyndord, eg vil lata upp mi gåta til harpeljod.
- 6 Kvi skal eg ottast i dei vonde dagar, når vondskap av mine forfylgjarar kringset meg,
- 7 dei som set si lit til sitt gods og rosar seg av sin store rikdom?
- 8 Ein mann kann ikkje løysa ut ein bror, kann ikkje gjeva Gud løysepengar for honom
- 9 - utløysingi av deira liv er for dyr, og han let det vera til æveleg tid -
- 10 so han skulde halda ved å liva for alltid og ikkje sjå gravi.
- 11 Nei, han må sjå: Vismenner døyr, dåre og fåviting gjeng burt alle saman og let sitt gods etter seg til andre.
- 12 Deira inste tanke er at deira hus skal standa æveleg, deira bustader frå ætt til ætt; dei kallar sin jorder etter sine namn.
- 13 Men eit menneskje i høg vyrdnad vert ikkje verande; han er lik dyri, dei må tagna.
- 14 So gjeng det deim som er fulle av tru til seg sjølve, og etter deim fylgjer dei som likar deira tale. Sela.
- 15 Som sauer vert dei førde ned i helheimen, dauden gjæter deim, og dei trurøkne tred deim ned, når morgonen renn; og deira skapnad vert øydelagd av helheimen, so dei hev ingen heimstad lenger.
- 16 Men Gud skal løysa ut mi sjæl or handi på helheimen; for han skal taka meg til seg. Sela.
- 17 Ottast ikkje når ein mann vert rik, når hans hus kjem til stor æra!
- 18 For han skal ingen ting taka med seg når han døyr; hans æra skal ikkje fara ned etter honom.
- 19 Um han og velsignar si sjæl i si livstid, og dei prisar deg for di du gjer deg gode dagar,
- 20 so skal du då koma til di fedreætt, dei som ikkje ser ljoset i all æva. Eit menneskje i høg vyrdnad, som ikkje hev vit, vert lik dyri; dei må tagna.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗