시편 148편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 14절
- 1 Halleluja! Lova Herren frå himmelen, lova honom i det høge!
- 2 Lova honom, alle hans englar, lova honom, all hans her!
- 3 Lova honom, sol og måne, lova honom, alle lysande stjernor!
- 4 Lova honom, de himle-himlar, og de vatn ovanfor himlarne!
- 5 Dei skal lova Herrens namn, for han baud, og dei vart skapte,
- 6 og han stelte deim upp for alltid og æveleg, han gav ei lov som ingen bryt.
- 7 Lova Herren frå jordi, de store sjødyr og alle djup,
- 8 Eld og hagl, snø og eim, du storm som set hans ord i verk,
- 9 de fjell og alle haugar, aldetre og alle cedrar,
- 10 de ville dyr og alt fe, krekande dyr og fljugande fuglar;
- 11 de kongar på jordi og alle folk, de hovdingar og alle domarar på jordi,
- 12 de unge gutar og gjentor, de gamle med dei unge!
- 13 Dei skal lova Herrens namn, for berre hans namn er høgt, hans herlegdom er yver jord og himmel,
- 14 og han hev lyft upp eit horn for sitt folk, til ein lovsong for alle sine trugne, for Israels born, det folk som er honom nær. Halleluja!
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗