시편 147편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 20절
- 1 Halleluja! For det er godt å lovsyngja vår Gud, for yndelegt er det, og lovsong høver vel.
- 2 Herren byggjer upp Jerusalem, han samlar dei burtdrivne israelitar.
- 3 Han lækjer deim som hev sundbrote hjarta, og bind um deira verkjande sår.
- 4 Han set tal på stjernorne, han nemner deim alle med namn.
- 5 Stor er vår Herre og veldug i magt, på hans vit er det ikkje mål.
- 6 Herren held dei spaklyndte uppe, dei ugudlege bøygjer han ned til jordi.
- 7 Syng for Herren med takkesong, syng lov for vår Gud med cither!
- 8 han som tekkjer himmelen med skyer, han som lagar regn for jordi, han som let det veksa gras på fjelli.
- 9 Han gjev feet for, ramn-ungarne som ropar.
- 10 Han hev ikkje hug til hestens styrke, han hev ikkje hugnad i mannsens leggjer.
- 11 Herren hev hugnad i deim som ottast han, deim som ventar på hans miskunn.
- 12 Jerusalem, prisa Herren, Sion, lova din Gud!
- 13 For stengerne på dine portar hev han gjort faste, han hev velsigna dine born i deg.
- 14 Han gjev dine grensor fred, han mettar deg med den feitaste kveite.
- 15 Han sender sin tale til jordi, fort spring hans ord.
- 16 Han som gjev snø som ull, han strår ut rim som oska.
- 17 Han kastar sin is som småe stykke; kven kann standa for hans kulde?
- 18 Han sender sitt ord og smeltar deim, han let vinden sin blåsa, då renn vatn.
- 19 Han hev kunngjort sitt ord for Jakob, sine fyresegner og rettar for Israel.
- 20 Soleis hev han ikkje gjort med noko folk, og hans rettar - deim kjenner dei ikkje. Halleluja!
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗