로그인

시편 149편 Studentmållagsbibelen frå 1921

Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 9절

  1. 1 Halleluja! Syng Herren ein ny song, hans lov i samlingi av dei gudlege!
  2. 2 Israel glede seg i sin skapar, Sions søner frygde seg for sin konge!
  3. 3 Dei skal lova hans namn med dans, syngja for honom til pauka og cither.
  4. 4 For Herren hev hugnad i sitt folk, han pryder spaklyndte med frelsa.
  5. 5 Dei gudlege frygdar seg i herlegdom, dei ropar av fagnad på sine lægje.
  6. 6 Lovsong for Gud er i deira munn, og eit tvieggja sverd i deira hand,
  7. 7 til å fullføra hemn yver heidningarne, refsing yver folkeslagi,
  8. 8 til å binda deira kongar med lekkjor og deira storfolk med jarnband,
  9. 9 til å fullføra fyreskriven dom yver deim. Æra er dette for alle hans trugne. Halleluja!

Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗