시편 14편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 7절
- 1 Til songmeisteren; av David. Dåren segjer i sitt hjarta: «Det er ingen Gud til.» Vond og styggjeleg er deira gjerning; det er ingen som gjer godt.
- 2 Herren skodar ned frå himmelen på menneskjeborni og vil sjå um der er nokon vitug, nokon som søkjer Gud.
- 3 Dei er alle avvikne, dei er utskjemde alle saman; det er ingen som gjer godt, det finst ikkje ein einaste.
- 4 Veit dei då ikkje, alle dei som gjer urett? Dei et upp mitt folk, liksom dei et brød; på Herren kallar dei ikkje.
- 5 Der vert dei storleg rædde; for Gud er hjå den rettferdige ætt.
- 6 Den arme manns råd må de gjerne gjera til skammar; for Herren er hans tilhygge.
- 7 Å, gjev frelsa frå Sion må koma yver Israel! Når Herren vender sitt folks vanlukka, då skal Jakob fagna seg, Israel gleda seg.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗