시편 13편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 6절
- 1 Til songmeisteren; ein salme av David.
- 2 Kor lenge, Herre, vil du stendigt gløyma meg? Kor lenge vil du løyna ditt andlit for meg?
- 3 Kor lenge skal eg hava sorger i mi sjæl, hugverk i mitt hjarta heile dagen? Kor lenge skal min fiende vera upphøgd yver meg?
- 4 Sjå hit, svara meg, Herre min Gud! Lys upp mine augo, so eg ikkje skal sovna inn i dauden,
- 5 so min fiende ikkje skal segja: «Eg hev vunne yver honom,» so mine motstandarar ikkje skal fagna seg yver at eg fell.
- 6 Men eg set mi lit til di miskunn, mitt hjarta skal fagna seg i di frelsa; eg vil lovsyngja Herren, for han hev gjort vel imot meg.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗