로그인

시편 15편 Studentmållagsbibelen frå 1921

Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 5절

  1. 1 Ein salme av David. Herre, kven skal vera gjest i ditt tjeld? Kven skal bu på ditt heilage fjell?
  2. 2 Den som ferdast ulastande og gjer rettferd og talar sanning i sitt hjarta.
  3. 3 Han baktalar ikkje med si tunga, han gjer ikkje vondt imot sin næste og fører ikkje skam yver den som stend honom nær.
  4. 4 Svivyrdeleg er i hans augo den gudlause, men han ærar deim som ottast Herren. Sver han til sin eigen skade, so bryt han då aldri sin eid.
  5. 5 Han låner ikkje sine pengar ut for renta og tek ikkje mutor imot den saklause. Den som gjer dette, skal i all æva ikkje verta rikka.

Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗