시편 14편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 7절 · 대역: King James Version
| 절 | Studentmållagsbibelen frå 1921 | King James Version |
|---|---|---|
| 1 | Til songmeisteren; av David. Dåren segjer i sitt hjarta: «Det er ingen Gud til.» Vond og styggjeleg er deira gjerning; det er ingen som gjer godt. | The fool hath said in his heart, There is no God. They are corrupt, they have done abominable works, there is none that doeth good. |
| 2 | Herren skodar ned frå himmelen på menneskjeborni og vil sjå um der er nokon vitug, nokon som søkjer Gud. | The Lord looked down from heaven upon the children of men, to see if there were any that did understand, and seek God. |
| 3 | Dei er alle avvikne, dei er utskjemde alle saman; det er ingen som gjer godt, det finst ikkje ein einaste. | They are all gone aside, they are all together become filthy: there is none that doeth good, no, not one. |
| 4 | Veit dei då ikkje, alle dei som gjer urett? Dei et upp mitt folk, liksom dei et brød; på Herren kallar dei ikkje. | Have all the workers of iniquity no knowledge? who eat up my people as they eat bread, and call not upon the Lord. |
| 5 | Der vert dei storleg rædde; for Gud er hjå den rettferdige ætt. | There were they in great fear: for God is in the generation of the righteous. |
| 6 | Den arme manns råd må de gjerne gjera til skammar; for Herren er hans tilhygge. | Ye have shamed the counsel of the poor, because the Lord is his refuge. |
| 7 | Å, gjev frelsa frå Sion må koma yver Israel! Når Herren vender sitt folks vanlukka, då skal Jakob fagna seg, Israel gleda seg. | Oh that the salvation of Israel were come out of Zion! when the Lord bringeth back the captivity of his people, Jacob shall rejoice, and Israel shall be glad. |
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗
King James Version — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: GPL