시편 119편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 176절
- 1 Sæle er dei som gjeng ein ulastande veg, dei som ferdast i Herrens lov!
- 2 Sæle er dei som tek vare på hans vitnemål, som søkjer honom av alt sitt hjarta,
- 3 dei som ikkje gjer urett, men vandrar på hans vegar.
- 4 Du hev gjeve dine fyresegner, at ein skal halda deim vel.
- 5 Å, kunde vegarne mine verta faste, so eg heldt dine fyreskrifter!
- 6 Då skal eg ikkje verta til skammar når eg gjev gaum etter alle dine bodord.
- 7 Eg vil takka deg av eit ærlegt hjarta når eg lærer dine rettferdsdomar.
- 8 Dine fyreskrifter vil eg halda, du må ikkje reint forlata meg.
- 9 Korleis skal ein ungdom halda stigen sin rein? Når han held seg etter ditt ord.
- 10 Av alt mitt hjarta hev eg søkt deg, lat meg ikkje villast burt frå dine bodord!
- 11 I hjarta mitt hev eg gøymt ditt ord, so eg ikkje skal synda imot deg.
- 12 Lova vere du, Herre! Lær meg dine fyreskrifter!
- 13 Med lipporne mine hev eg forkynt alle rettar frå din munn.
- 14 Eg er glad i vegen etter dine vitnemål som i all rikdom.
- 15 På dine fyresegner vil eg grunda og skoda på dine stigar.
- 16 I dine fyreskrifter vil eg hava hugnad, og ikkje vil eg gløyma ditt ord.
- 17 Gjer vel imot din tenar, at eg må liva! so vil eg halda ditt ord.
- 18 Lat upp augo mine, at eg kann skoda underlege ting i di lov!
- 19 Ein gjest er eg på jordi, løyn ikkje dine bodord for meg!
- 20 Mi sjæl er sunderknasa av lengting etter dine rettar all tid.
- 21 Du hev truga dei stormodige, dei forbanna, som fer vilt frå dine bodord.
- 22 Tak burt frå meg skam og vanvyrdnad! for dine vitnemål hev eg teke vare på.
- 23 Jamvel hovdingar hev sete i samrøda mot meg; din tenar grundar på dine fyreskrifter.
- 24 Dine vitnemål er og min hugnad, dei er mine rådgjevarar.
- 25 Mi sjæl ligg nedi dusti, haldt meg i live etter ditt ord!
- 26 Eg fortalde um mine vegar, og du svara meg; lær meg dine fyreskrifter!
- 27 Lat meg få skyna vegen etter dine fyresegner! So vil eg grunda på dine under.
- 28 Mi sjæl græt av sorg; reis meg upp etter ditt ord!
- 29 Snu lygnevegen burt frå meg, og unn meg di lov!
- 30 Truskaps veg hev eg valt, dine rettar hev eg sett framfyre meg.
- 31 Eg heng fast ved dine vitnemål, Herre, lat meg ikkje verta til skammar!
- 32 Vegen etter dine bodord vil eg springa, for du trøystar mitt hjarta.
- 33 Herre, vis meg vegen etter dine fyreskrifter! so vil eg fara honom alt til endes.
- 34 Gjev meg skyn, so vil eg taka vare på di lov og halda henne av alt mitt hjarta.
- 35 Leid meg på dine bodords stig, for han er til hugnad for meg.
- 36 Bøyg mitt hjarta til dine vitnemål og ikkje til urett vinning!
- 37 Vend augo mine burt, so dei ikkje ser etter fåfengd, haldt meg i live på din veg!
- 38 Uppfyll for din tenar ordet ditt, som gjer at ein ottast deg!
- 39 Tak burt ifrå meg mi skjemsla som eg er rædd, for dine rettar er gode.
- 40 Sjå, eg lengtar etter dine fyresegner, haldt meg i live ved di rettferd.
- 41 Lat di miskunn, Herre, koma yver meg, di frelsa etter ditt ord!
- 42 Eg vil gjeva svar til honom som spottar meg; for eg lit på ditt ord.
- 43 Riv ikkje sannings ord so reint or munnen min, for på dine domar ventar eg.
- 44 Stødt vil eg halda di lov, æveleg og alltid.
- 45 Lat meg ferdast i det frie, for eg spør etter dine fyresegner!
- 46 Eg vil tala um dine vitnemål for kongar, og eg skal ikkje verta til skammar.
- 47 Eg vil frygda meg ved dine bodord, som eg elskar.
- 48 Eg vil lyfta mine hender til dine bodord som eg elskar, og eg vil grunda på dine fyreskrifter.
- 49 Kom i hug ditt ord til din tenar, med di du hev gjeve meg von!
- 50 Det er mi trøyst i min vesaldom, at ditt ord hev halde meg i live.
- 51 Ovmodige hev spotta meg mykje, frå di lov hev eg ikkje vike.
- 52 Eg kom i hug, Herre, dine domar frå gamle dagar, og eg vart trøysta.
- 53 Brennande harm hev eg vorte på dei ugudlege som forlet di lov.
- 54 Dine fyreskrifter hev vorte mine lovsongar i det hus der eg bur som framand.
- 55 Um natti kom eg ditt namn i hug, Herre, og eg heldt di lov.
- 56 Dette timdest meg, at eg fekk taka vare på dine fyreskrifter.
- 57 Herren er min lut, sagde eg, med di eg heldt dine ord.
- 58 Eg naudbad deg av alt mitt hjarta: «Ver miskunnsam imot meg etter ditt ord!»
- 59 Eg tenkte på mine vegar og vende mine føter til dine vitnemål.
- 60 Eg skunda meg og tøvra ikkje med å halda dine bodord.
- 61 Bandi til dei ugudlege hev snørt meg inn, di lov hev eg ikkje gløymt.
- 62 Midt på natti stend eg upp og vil takka deg for dine rettferdslover.
- 63 Eg held meg til alle deim som ottast deg, og som held dine fyresegner.
- 64 Av di miskunn, Herre, er jordi full; lær meg dine fyreskrifter!
- 65 Tenaren din hev du gjort vel imot, Herre, etter ditt ord.
- 66 Lær meg god skynsemd og kunnskap! for eg trur på dine bodord.
- 67 Fyrr eg vart nedbøygd, for eg vilt, men no held eg ditt ord.
- 68 Du er god og gjer godt, lær meg dine fyreskrifter!
- 69 Dei ovmodige hev spunne i hop lygn imot meg, av alt mitt hjarta held eg dine fyresegner.
- 70 Deira hjarta er feitt som talg; eg fegnast ved di lov.
- 71 Det var godt for meg at eg vart nedbøygd, so eg kunde læra dine fyreskrifter.
- 72 Lovi frå din munn er betre for meg enn tusund stykke gull og sylv.
- 73 Dine hender hev gjort meg og laga meg til, gjev meg skyn, so eg kann læra dine bodord!
- 74 Dei som ottast deg, skal sjå meg og gleda seg, for på ditt ord ventar eg.
- 75 Eg veit, Herre, at dine domar er rettferd, og at du i truskap hev bøygt meg ned.
- 76 Lat di miskunn vera til trøyst for meg, etter det du hev sagt til din tenar!
- 77 Lat di miskunn koma yver meg so eg kann liva! for di lov er mi lyst.
- 78 Lat dei ovmodige verta skjemde! for dei hev trykt meg utan årsak. Eg grundar på dine fyresegner.
- 79 Lat deim snu seg til meg, dei som ottast deg, og kjenner dine vitnemål!
- 80 Lat mitt hjarta vera fullkome i dine fyreskrifter, so eg ikkje skal verta til skammar!
- 81 Mi sjæl naudstundar etter di frelsa, eg ventar på ditt ord.
- 82 Mine augo naudstundar etter ditt ord, og eg segjer: «Når vil du trøysta meg?»
- 83 For eg er som ei lerflaska i røyk; dine fyreskrifter gløymer eg ikkje.
- 84 Kor mange er vel dagarne for din tenar? Når vil du halda dom yver deim som forfylgjer meg?
- 85 Dei ovmodige hev grave graver for meg, dei som ikkje liver etter di lov.
- 86 Alle dine bodord er trufaste; med lygn forfylgjer dei meg; hjelp meg!
- 87 Dei hadde so nær tynt meg i landet, men eg hev ikkje forlate dine fyresegner.
- 88 Haldt meg i live etter di miskunn! So vil eg taka vare på vitnemålet frå din munn.
- 89 Til æveleg tid, Herre, stend ditt ord fast i himmelen.
- 90 Frå ætt til ætt varer din truskap, du hev grunnfest jordi, og ho stend.
- 91 Til å setja dine domar i verk stend dei der i dag; for alle ting er dine tenarar.
- 92 Dersom ikkje di lov hadde vore mi lyst, so hadde eg forgjengest i mi djupe naud.
- 93 I all æva skal eg ikkje gløyma dine fyresegner, for ved deim hev du halde meg i live.
- 94 Din er eg, frels meg! for dine fyresegner hev eg spurt etter.
- 95 På meg hev dei ugudlege venta og vil tyna meg; på dine vitnemål agtar eg.
- 96 På alt det fullkomne hev eg set ein ende; men dine bodord rekk ovleg vidt.
- 97 Kor eg hev lovi di kjær! Heile dagen er ho i min tanke.
- 98 Dine bodord gjer meg visare enn mine fiendar, for æveleg eig eg deim.
- 99 Eg hev vorte klokare enn alle mine lærarar, for eg grundar på dine vitnemål.
- 100 Eg er vitugare enn dei gamle, for dine fyresegner hev eg teke vare på.
- 101 Frå kvar vond stig hev eg halde mine føter burte, so eg kunde halda ditt ord.
- 102 Frå dine lover hev eg ikkje vike, for du hev lært meg upp.
- 103 Kor søt din tale er for gomen min, betre enn honning for munnen min.
- 104 Av dine fyresegner fær eg vit, difor hatar eg kvar lygnestig.
- 105 Ditt ord er ei lykt for min fot og eit ljos for min stig.
- 106 Eg hev svore og hev halde det, å taka vare på dine rettferdslover.
- 107 Eg er ovleg nedbøygd; Herre, haldt meg i live etter ditt ord!
- 108 Lat min munns offer tekkjast deg, Herre, og lær meg dine rettar!
- 109 Eg gjeng alltid med livet i neven, men di lov hev eg ikkje gløymt.
- 110 Dei ugudlege hev lagt snara for meg; men frå dine fyresegner hev eg ikkje villa meg burt.
- 111 Til æveleg eiga hev eg fenge dine vitnemål, for dei er mi hjartans gleda.
- 112 Eg hev bøygt mitt hjarta til å gjera etter dine fyreskrifter, æveleg og til endes.
- 113 Dei tvihuga hatar eg, men di lov elskar eg.
- 114 Du er mi livd og min skjold, og på ditt ord ventar eg.
- 115 Vik frå meg, de som gjer vondt, at eg kann halda min Guds bodord!
- 116 Haldt meg uppe etter ditt ord, so eg kann liva, og lat meg ikkje verta til skammar med mi von!
- 117 Haldt meg uppe, so eg kann verta frelst! So vil eg alltid sjå med lyst på dine fyreskrifter.
- 118 Du agtar for inkje alle deim som fer vilt frå dine fyreskrifter; for deira svik er fåfengd.
- 119 Som slagg kastar du burt alle ugudlege på jordi; difor elskar eg dine vitnemål.
- 120 Eg rys i holdet av rædsla for deg, og for dine domar ottast eg.
- 121 Eg hev gjort rett og rettferd, du vil ikkje gjeva meg yver til deim som trykkjer meg.
- 122 Gakk i borg for tenaren din, so det må ganga honom vel! lat ikkje dei ovmodige trykkja meg!
- 123 Augo mine naudstundar etter di frelsa og etter ditt rettferdsord.
- 124 Gjer med din tenar etter di miskunn og lær meg dine fyreskrifter!
- 125 Eg er din tenar; gjev meg vit, so eg kann kjenna dine vitnemål!
- 126 Det er tid for Herren til å gripa inn, dei hev brote di lov.
- 127 Difor elskar eg dine bodord meir enn gull, ja, meir enn fint gull.
- 128 Difor held eg alle fyresegner um alle ting for rette; eg hatar kvar lygnestig.
- 129 Underfulle er dine vitnemål, difor tek mi sjæl vare på deim.
- 130 Når ordi dine opnar seg, gjev dei ljos, og dei gjer dei einfalde kloke.
- 131 Eg let munnen upp og sukka av lengting; for etter dine bodord stunda eg.
- 132 Vend deg til meg og ver meg nådig, som rett er mot deim som elskar ditt namn!
- 133 Gjer mine stig faste ved ditt ord, og lat ingen urett råda yver meg!
- 134 Løys du meg ut or menneskjevald! So vil eg halda dine fyresegner.
- 135 Lat di åsyn lysa på din tenar, og lær meg dine fyreskrifter!
- 136 Vatsbekkjer renn or augo mine, av di folk ikkje held di lov.
- 137 Rettferdig er du, Herre, og rette er dine domar.
- 138 Du hev fyreskrive dine vitnemål i rettferd og i stor truskap.
- 139 Min brennhug hev tært meg upp, av di mine motstandarar hev gløymt dine ord.
- 140 Ditt ord er vel reinsa, og din tenar elskar det.
- 141 Liten er eg og vanvyrd; dine fyresegner hev eg ikkje gløymt.
- 142 Di rettferd er ei æveleg rettferd, og di lov er sanning.
- 143 Naud og trengsla fann meg; dine bodord er mi lyst.
- 144 Rettferdige er dine vitnemål til æveleg tid; gjev meg skyn, so eg kann liva!
- 145 Eg ropar av alt mitt hjarta, svara meg, Herre! Dine fyreskrifter vil eg taka vare på.
- 146 Eg ropar til deg, frels meg! so vil eg halda dine vitnemål.
- 147 Tidleg i dagningi var eg uppe og ropa um hjelp; eg venta på ditt ord.
- 148 Mine augo var uppe fyre nattevakterne, so eg kunde grunda på ditt ord.
- 149 Høyr mi røyst etter di miskunn, Herre, haldt meg i live etter dine domar!
- 150 Dei er nær som renner etter ugjerning; frå di lov er dei langt burte.
- 151 Du er nær, Herre, og alle dine bodord er sanning.
- 152 Longe sidan veit eg av dine vitnemål, at du hev grunnfest deim i all æva.
- 153 Sjå til mi djupe naud og fria meg ut! For di lov hev eg ikkje gløymt.
- 154 Før mi sak, og løys meg ut, haldt meg i live etter ditt ord!
- 155 Frelsa er langt frå dei ugudlege, for dine fyreskrifter spør dei ikkje etter.
- 156 Di miskunn er stor, Herre; haldt meg i live etter dine domar!
- 157 Mange er dei som forfylgjer meg og stend meg imot; frå dine vitnemål hev eg ikkje vike.
- 158 Eg såg dei utrue og fekk uhug, av di dei ikkje heldt ditt ord.
- 159 Sjå at eg hev elska dine fyresegner! Herre, haldt meg i live etter di miskunn!
- 160 Summen av ditt ord er sanning, og æveleg stend all di rettferds lov.
- 161 Hovdingar forfylgde meg utan orsak, men mitt hjarta ottast dine ord.
- 162 Eg gled meg yver ditt ord, som når ein finn mykje herfang.
- 163 Lygn hev eg hata og havt stygg til; di lov hev eg elska.
- 164 Sju gonger um dagen hev eg lova deg for dine rettferdige domar.
- 165 Mykje fred hev dei som elskar di lov, og ingen støyt fær deim til fall.
- 166 Eg hev venta på di frelsa, Herre, og dine bodord hev eg halde.
- 167 Mi sjæl hev halde dine vitnemål, og eg elska deim mykje.
- 168 Eg hev halde dine fyresegner og dine vitnemål, for alle mine vegar er for di åsyn.
- 169 Lat mitt klagerop koma fram for di åsyn, Herre! Gjev meg skyn etter ditt ord.
- 170 Lat mi bøn koma for di åsyn! Frels meg etter ditt ord!
- 171 Mine lippor skal fløda yver av lovsong, for du lærer meg dine fyreskrifter;
- 172 Mi tunga skal syngja um ditt ord; for alle dine bodord er rettferd.
- 173 Lat di hand vera meg til hjelp! for dine fyresegner hev eg valt ut.
- 174 Eg lengtar etter di frelsa, Herre, og di lov er mi lyst.
- 175 Lat mi sjæl leva og lova deg, og lat dine domar hjelpa meg!
- 176 Eg hev fare vilt; leita upp din tenar som ein burtkomen sau! for dine bodord hev eg ikkje gløymt.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗