시편 118편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 29절
- 1 Prisa Herren, for han er god, for æveleg varer hans miskunn!
- 2 Israel segje: «Æveleg varer hans miskunn!»
- 3 Arons hus segje: «Æveleg varer hans miskunn!»
- 4 Dei som ottast Herren, segje: «Æveleg varer hans miskunn!»
- 5 Ut or trengsla ropa eg på Herren, Herren svara meg og førde meg ut i det frie.
- 6 Herren er med meg, eg ræddast inkje, kva kann menneskje gjera meg?
- 7 Herren er med meg og hjelper meg, og eg skal sjå med lyst på deim som hatar meg.
- 8 Det er betre å fly til Herren enn å lita på menneskje.
- 9 Det er betre å fly til Herren enn å lita på hovdingar.
- 10 Alle heidningar kringset meg; i Herrens namn skal eg hogga deim ned.
- 11 Dei kringset, ja, kringrenner meg; i Herrens namn skal eg hogga deim ned.
- 12 Dei kringset meg som bior; dei sloknar som eld i klunger, i Herrens namn skal eg hogga deim ned.
- 13 Hardt støytte du meg, at eg skulde falla; men Herren hjelpte meg.
- 14 Min styrke og lovsong er Herren, og han vart meg til frelsa.
- 15 Rop av fagnad og frelsa er å høyra i tjeldi åt dei rettferdige; Herrens høgre hand gjer storverk.
- 16 Herrens høgre hand upphøgjer, Herrens høgre hand gjer storverk.
- 17 Eg skal ikkje døy, men liva og fortelja Herrens gjerningar.
- 18 Hardt tukta Herren meg, men til dauden gav han meg ikkje.
- 19 Lat upp for meg rettferds portar! Eg vil ganga inn gjenom deim, eg vil prisa Herren.
- 20 Dette er Herrens port, dei rettferdige skal ganga der.
- 21 Eg takkar deg av di du svara meg og vart meg til frelsa.
- 22 Den steinen som bygningsmennerne skaut ut, hev vorte ein hyrnestein.
- 23 Frå Herren er det kome, dette, det er underlegt for våre augo.
- 24 Dette er dagen som Herren hev gjort, lat oss fegnast og gleda oss no!
- 25 Å Herre, frels då! Å Herre, lat det då lukkast!
- 26 Velsigna vere den som kjem i Herrens namn! Me velsignar dykk frå Herrens hus.
- 27 Herren er Gud, og han let det verta ljost for oss. Bitt høgtidsofferet med reip alt inn til horni på altaret!
- 28 Min Gud er du, og eg vil prisa deg, min Gud, eg vil upphøgja deg.
- 29 Prisa Herren, for han er god, for æveleg varer hans miskunn!
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗