시편 119편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 176절 · 대역: King James Version
| 절 | Studentmållagsbibelen frå 1921 | King James Version |
|---|---|---|
| 1 | Sæle er dei som gjeng ein ulastande veg, dei som ferdast i Herrens lov! | Blessed are the undefiled in the way, who walk in the law of the Lord. |
| 2 | Sæle er dei som tek vare på hans vitnemål, som søkjer honom av alt sitt hjarta, | Blessed are they that keep his testimonies, and that seek him with the whole heart. |
| 3 | dei som ikkje gjer urett, men vandrar på hans vegar. | They also do no iniquity: they walk in his ways. |
| 4 | Du hev gjeve dine fyresegner, at ein skal halda deim vel. | Thou hast commanded us to keep thy precepts diligently. |
| 5 | Å, kunde vegarne mine verta faste, so eg heldt dine fyreskrifter! | O that my ways were directed to keep thy statutes! |
| 6 | Då skal eg ikkje verta til skammar når eg gjev gaum etter alle dine bodord. | Then shall I not be ashamed, when I have respect unto all thy commandments. |
| 7 | Eg vil takka deg av eit ærlegt hjarta når eg lærer dine rettferdsdomar. | I will praise thee with uprightness of heart, when I shall have learned thy righteous judgments. |
| 8 | Dine fyreskrifter vil eg halda, du må ikkje reint forlata meg. | I will keep thy statutes: O forsake me not utterly. |
| 9 | Korleis skal ein ungdom halda stigen sin rein? Når han held seg etter ditt ord. | Wherewithal shall a young man cleanse his way? by taking heed thereto according to thy word. |
| 10 | Av alt mitt hjarta hev eg søkt deg, lat meg ikkje villast burt frå dine bodord! | With my whole heart have I sought thee: O let me not wander from thy commandments. |
| 11 | I hjarta mitt hev eg gøymt ditt ord, so eg ikkje skal synda imot deg. | Thy word have I hid in mine heart, that I might not sin against thee. |
| 12 | Lova vere du, Herre! Lær meg dine fyreskrifter! | Blessed art thou, O Lord: teach me thy statutes. |
| 13 | Med lipporne mine hev eg forkynt alle rettar frå din munn. | With my lips have I declared all the judgments of thy mouth. |
| 14 | Eg er glad i vegen etter dine vitnemål som i all rikdom. | I have rejoiced in the way of thy testimonies, as much as in all riches. |
| 15 | På dine fyresegner vil eg grunda og skoda på dine stigar. | I will meditate in thy precepts, and have respect unto thy ways. |
| 16 | I dine fyreskrifter vil eg hava hugnad, og ikkje vil eg gløyma ditt ord. | I will delight myself in thy statutes: I will not forget thy word. |
| 17 | Gjer vel imot din tenar, at eg må liva! so vil eg halda ditt ord. | Deal bountifully with thy servant, that I may live, and keep thy word. |
| 18 | Lat upp augo mine, at eg kann skoda underlege ting i di lov! | Open thou mine eyes, that I may behold wondrous things out of thy law. |
| 19 | Ein gjest er eg på jordi, løyn ikkje dine bodord for meg! | I am a stranger in the earth: hide not thy commandments from me. |
| 20 | Mi sjæl er sunderknasa av lengting etter dine rettar all tid. | My soul breaketh for the longing that it hath unto thy judgments at all times. |
| 21 | Du hev truga dei stormodige, dei forbanna, som fer vilt frå dine bodord. | Thou hast rebuked the proud that are cursed, which do err from thy commandments. |
| 22 | Tak burt frå meg skam og vanvyrdnad! for dine vitnemål hev eg teke vare på. | Remove from me reproach and contempt; for I have kept thy testimonies. |
| 23 | Jamvel hovdingar hev sete i samrøda mot meg; din tenar grundar på dine fyreskrifter. | Princes also did sit and speak against me: but thy servant did meditate in thy statutes. |
| 24 | Dine vitnemål er og min hugnad, dei er mine rådgjevarar. | Thy testimonies also are my delight and my counsellors. |
| 25 | Mi sjæl ligg nedi dusti, haldt meg i live etter ditt ord! | My soul cleaveth unto the dust: quicken thou me according to thy word. |
| 26 | Eg fortalde um mine vegar, og du svara meg; lær meg dine fyreskrifter! | I have declared my ways, and thou heardest me: teach me thy statutes. |
| 27 | Lat meg få skyna vegen etter dine fyresegner! So vil eg grunda på dine under. | Make me to understand the way of thy precepts: so shall I talk of thy wondrous works. |
| 28 | Mi sjæl græt av sorg; reis meg upp etter ditt ord! | My soul melteth for heaviness: strengthen thou me according unto thy word. |
| 29 | Snu lygnevegen burt frå meg, og unn meg di lov! | Remove from me the way of lying: and grant me thy law graciously. |
| 30 | Truskaps veg hev eg valt, dine rettar hev eg sett framfyre meg. | I have chosen the way of truth: thy judgments have I laid before me. |
| 31 | Eg heng fast ved dine vitnemål, Herre, lat meg ikkje verta til skammar! | I have stuck unto thy testimonies: O Lord, put me not to shame. |
| 32 | Vegen etter dine bodord vil eg springa, for du trøystar mitt hjarta. | I will run the way of thy commandments, when thou shalt enlarge my heart. |
| 33 | Herre, vis meg vegen etter dine fyreskrifter! so vil eg fara honom alt til endes. | Teach me, O Lord, the way of thy statutes; and I shall keep it unto the end. |
| 34 | Gjev meg skyn, so vil eg taka vare på di lov og halda henne av alt mitt hjarta. | Give me understanding, and I shall keep thy law; yea, I shall observe it with my whole heart. |
| 35 | Leid meg på dine bodords stig, for han er til hugnad for meg. | Make me to go in the path of thy commandments; for therein do I delight. |
| 36 | Bøyg mitt hjarta til dine vitnemål og ikkje til urett vinning! | Incline my heart unto thy testimonies, and not to covetousness. |
| 37 | Vend augo mine burt, so dei ikkje ser etter fåfengd, haldt meg i live på din veg! | Turn away mine eyes from beholding vanity; and quicken thou me in thy way. |
| 38 | Uppfyll for din tenar ordet ditt, som gjer at ein ottast deg! | Stablish thy word unto thy servant, who is devoted to thy fear. |
| 39 | Tak burt ifrå meg mi skjemsla som eg er rædd, for dine rettar er gode. | Turn away my reproach which I fear: for thy judgments are good. |
| 40 | Sjå, eg lengtar etter dine fyresegner, haldt meg i live ved di rettferd. | Behold, I have longed after thy precepts: quicken me in thy righteousness. |
| 41 | Lat di miskunn, Herre, koma yver meg, di frelsa etter ditt ord! | Let thy mercies come also unto me, O Lord, even thy salvation, according to thy word. |
| 42 | Eg vil gjeva svar til honom som spottar meg; for eg lit på ditt ord. | So shall I have wherewith to answer him that reproacheth me: for I trust in thy word. |
| 43 | Riv ikkje sannings ord so reint or munnen min, for på dine domar ventar eg. | And take not the word of truth utterly out of my mouth; for I have hoped in thy judgments. |
| 44 | Stødt vil eg halda di lov, æveleg og alltid. | So shall I keep thy law continually for ever and ever. |
| 45 | Lat meg ferdast i det frie, for eg spør etter dine fyresegner! | And I will walk at liberty: for I seek thy precepts. |
| 46 | Eg vil tala um dine vitnemål for kongar, og eg skal ikkje verta til skammar. | I will speak of thy testimonies also before kings, and will not be ashamed. |
| 47 | Eg vil frygda meg ved dine bodord, som eg elskar. | And I will delight myself in thy commandments, which I have loved. |
| 48 | Eg vil lyfta mine hender til dine bodord som eg elskar, og eg vil grunda på dine fyreskrifter. | My hands also will I lift up unto thy commandments, which I have loved; and I will meditate in thy statutes. |
| 49 | Kom i hug ditt ord til din tenar, med di du hev gjeve meg von! | Remember the word unto thy servant, upon which thou hast caused me to hope. |
| 50 | Det er mi trøyst i min vesaldom, at ditt ord hev halde meg i live. | This is my comfort in my affliction: for thy word hath quickened me. |
| 51 | Ovmodige hev spotta meg mykje, frå di lov hev eg ikkje vike. | The proud have had me greatly in derision: yet have I not declined from thy law. |
| 52 | Eg kom i hug, Herre, dine domar frå gamle dagar, og eg vart trøysta. | I remembered thy judgments of old, O Lord; and have comforted myself. |
| 53 | Brennande harm hev eg vorte på dei ugudlege som forlet di lov. | Horror hath taken hold upon me because of the wicked that forsake thy law. |
| 54 | Dine fyreskrifter hev vorte mine lovsongar i det hus der eg bur som framand. | Thy statutes have been my songs in the house of my pilgrimage. |
| 55 | Um natti kom eg ditt namn i hug, Herre, og eg heldt di lov. | I have remembered thy name, O Lord, in the night, and have kept thy law. |
| 56 | Dette timdest meg, at eg fekk taka vare på dine fyreskrifter. | This I had, because I kept thy precepts. |
| 57 | Herren er min lut, sagde eg, med di eg heldt dine ord. | Thou art my portion, O Lord: I have said that I would keep thy words. |
| 58 | Eg naudbad deg av alt mitt hjarta: «Ver miskunnsam imot meg etter ditt ord!» | I intreated thy favour with my whole heart: be merciful unto me according to thy word. |
| 59 | Eg tenkte på mine vegar og vende mine føter til dine vitnemål. | I thought on my ways, and turned my feet unto thy testimonies. |
| 60 | Eg skunda meg og tøvra ikkje med å halda dine bodord. | I made haste, and delayed not to keep thy commandments. |
| 61 | Bandi til dei ugudlege hev snørt meg inn, di lov hev eg ikkje gløymt. | The bands of the wicked have robbed me: but I have not forgotten thy law. |
| 62 | Midt på natti stend eg upp og vil takka deg for dine rettferdslover. | At midnight I will rise to give thanks unto thee because of thy righteous judgments. |
| 63 | Eg held meg til alle deim som ottast deg, og som held dine fyresegner. | I am a companion of all them that fear thee, and of them that keep thy precepts. |
| 64 | Av di miskunn, Herre, er jordi full; lær meg dine fyreskrifter! | The earth, O Lord, is full of thy mercy: teach me thy statutes. |
| 65 | Tenaren din hev du gjort vel imot, Herre, etter ditt ord. | Thou hast dealt well with thy servant, O Lord, according unto thy word. |
| 66 | Lær meg god skynsemd og kunnskap! for eg trur på dine bodord. | Teach me good judgment and knowledge: for I have believed thy commandments. |
| 67 | Fyrr eg vart nedbøygd, for eg vilt, men no held eg ditt ord. | Before I was afflicted I went astray: but now have I kept thy word. |
| 68 | Du er god og gjer godt, lær meg dine fyreskrifter! | Thou art good, and doest good; teach me thy statutes. |
| 69 | Dei ovmodige hev spunne i hop lygn imot meg, av alt mitt hjarta held eg dine fyresegner. | The proud have forged a lie against me: but I will keep thy precepts with my whole heart. |
| 70 | Deira hjarta er feitt som talg; eg fegnast ved di lov. | Their heart is as fat as grease; but I delight in thy law. |
| 71 | Det var godt for meg at eg vart nedbøygd, so eg kunde læra dine fyreskrifter. | It is good for me that I have been afflicted; that I might learn thy statutes. |
| 72 | Lovi frå din munn er betre for meg enn tusund stykke gull og sylv. | The law of thy mouth is better unto me than thousands of gold and silver. |
| 73 | Dine hender hev gjort meg og laga meg til, gjev meg skyn, so eg kann læra dine bodord! | Thy hands have made me and fashioned me: give me understanding, that I may learn thy commandments. |
| 74 | Dei som ottast deg, skal sjå meg og gleda seg, for på ditt ord ventar eg. | They that fear thee will be glad when they see me; because I have hoped in thy word. |
| 75 | Eg veit, Herre, at dine domar er rettferd, og at du i truskap hev bøygt meg ned. | I know, O Lord, that thy judgments are right, and that thou in faithfulness hast afflicted me. |
| 76 | Lat di miskunn vera til trøyst for meg, etter det du hev sagt til din tenar! | Let, I pray thee, thy merciful kindness be for my comfort, according to thy word unto thy servant. |
| 77 | Lat di miskunn koma yver meg so eg kann liva! for di lov er mi lyst. | Let thy tender mercies come unto me, that I may live: for thy law is my delight. |
| 78 | Lat dei ovmodige verta skjemde! for dei hev trykt meg utan årsak. Eg grundar på dine fyresegner. | Let the proud be ashamed; for they dealt perversely with me without a cause: but I will meditate in thy precepts. |
| 79 | Lat deim snu seg til meg, dei som ottast deg, og kjenner dine vitnemål! | Let those that fear thee turn unto me, and those that have known thy testimonies. |
| 80 | Lat mitt hjarta vera fullkome i dine fyreskrifter, so eg ikkje skal verta til skammar! | Let my heart be sound in thy statutes; that I be not ashamed. |
| 81 | Mi sjæl naudstundar etter di frelsa, eg ventar på ditt ord. | My soul fainteth for thy salvation: but I hope in thy word. |
| 82 | Mine augo naudstundar etter ditt ord, og eg segjer: «Når vil du trøysta meg?» | Mine eyes fail for thy word, saying, When wilt thou comfort me? |
| 83 | For eg er som ei lerflaska i røyk; dine fyreskrifter gløymer eg ikkje. | For I am become like a bottle in the smoke; yet do I not forget thy statutes. |
| 84 | Kor mange er vel dagarne for din tenar? Når vil du halda dom yver deim som forfylgjer meg? | How many are the days of thy servant? when wilt thou execute judgment on them that persecute me? |
| 85 | Dei ovmodige hev grave graver for meg, dei som ikkje liver etter di lov. | The proud have digged pits for me, which are not after thy law. |
| 86 | Alle dine bodord er trufaste; med lygn forfylgjer dei meg; hjelp meg! | All thy commandments are faithful: they persecute me wrongfully; help thou me. |
| 87 | Dei hadde so nær tynt meg i landet, men eg hev ikkje forlate dine fyresegner. | They had almost consumed me upon earth; but I forsook not thy precepts. |
| 88 | Haldt meg i live etter di miskunn! So vil eg taka vare på vitnemålet frå din munn. | Quicken me after thy lovingkindness; so shall I keep the testimony of thy mouth. |
| 89 | Til æveleg tid, Herre, stend ditt ord fast i himmelen. | For ever, O Lord, thy word is settled in heaven. |
| 90 | Frå ætt til ætt varer din truskap, du hev grunnfest jordi, og ho stend. | Thy faithfulness is unto all generations: thou hast established the earth, and it abideth. |
| 91 | Til å setja dine domar i verk stend dei der i dag; for alle ting er dine tenarar. | They continue this day according to thine ordinances: for all are thy servants. |
| 92 | Dersom ikkje di lov hadde vore mi lyst, so hadde eg forgjengest i mi djupe naud. | Unless thy law had been my delights, I should then have perished in mine affliction. |
| 93 | I all æva skal eg ikkje gløyma dine fyresegner, for ved deim hev du halde meg i live. | I will never forget thy precepts: for with them thou hast quickened me. |
| 94 | Din er eg, frels meg! for dine fyresegner hev eg spurt etter. | I am thine, save me; for I have sought thy precepts. |
| 95 | På meg hev dei ugudlege venta og vil tyna meg; på dine vitnemål agtar eg. | The wicked have waited for me to destroy me: but I will consider thy testimonies. |
| 96 | På alt det fullkomne hev eg set ein ende; men dine bodord rekk ovleg vidt. | I have seen an end of all perfection: but thy commandment is exceeding broad. |
| 97 | Kor eg hev lovi di kjær! Heile dagen er ho i min tanke. | O how love I thy law! it is my meditation all the day. |
| 98 | Dine bodord gjer meg visare enn mine fiendar, for æveleg eig eg deim. | Thou through thy commandments hast made me wiser than mine enemies: for they are ever with me. |
| 99 | Eg hev vorte klokare enn alle mine lærarar, for eg grundar på dine vitnemål. | I have more understanding than all my teachers: for thy testimonies are my meditation. |
| 100 | Eg er vitugare enn dei gamle, for dine fyresegner hev eg teke vare på. | I understand more than the ancients, because I keep thy precepts. |
| 101 | Frå kvar vond stig hev eg halde mine føter burte, so eg kunde halda ditt ord. | I have refrained my feet from every evil way, that I might keep thy word. |
| 102 | Frå dine lover hev eg ikkje vike, for du hev lært meg upp. | I have not departed from thy judgments: for thou hast taught me. |
| 103 | Kor søt din tale er for gomen min, betre enn honning for munnen min. | How sweet are thy words unto my taste! yea, sweeter than honey to my mouth! |
| 104 | Av dine fyresegner fær eg vit, difor hatar eg kvar lygnestig. | Through thy precepts I get understanding: therefore I hate every false way. |
| 105 | Ditt ord er ei lykt for min fot og eit ljos for min stig. | Thy word is a lamp unto my feet, and a light unto my path. |
| 106 | Eg hev svore og hev halde det, å taka vare på dine rettferdslover. | I have sworn, and I will perform it, that I will keep thy righteous judgments. |
| 107 | Eg er ovleg nedbøygd; Herre, haldt meg i live etter ditt ord! | I am afflicted very much: quicken me, O Lord, according unto thy word. |
| 108 | Lat min munns offer tekkjast deg, Herre, og lær meg dine rettar! | Accept, I beseech thee, the freewill offerings of my mouth, O Lord, and teach me thy judgments. |
| 109 | Eg gjeng alltid med livet i neven, men di lov hev eg ikkje gløymt. | My soul is continually in my hand: yet do I not forget thy law. |
| 110 | Dei ugudlege hev lagt snara for meg; men frå dine fyresegner hev eg ikkje villa meg burt. | The wicked have laid a snare for me: yet I erred not from thy precepts. |
| 111 | Til æveleg eiga hev eg fenge dine vitnemål, for dei er mi hjartans gleda. | Thy testimonies have I taken as an heritage for ever: for they are the rejoicing of my heart. |
| 112 | Eg hev bøygt mitt hjarta til å gjera etter dine fyreskrifter, æveleg og til endes. | I have inclined mine heart to perform thy statutes alway, even unto the end. |
| 113 | Dei tvihuga hatar eg, men di lov elskar eg. | I hate vain thoughts: but thy law do I love. |
| 114 | Du er mi livd og min skjold, og på ditt ord ventar eg. | Thou art my hiding place and my shield: I hope in thy word. |
| 115 | Vik frå meg, de som gjer vondt, at eg kann halda min Guds bodord! | Depart from me, ye evildoers: for I will keep the commandments of my God. |
| 116 | Haldt meg uppe etter ditt ord, so eg kann liva, og lat meg ikkje verta til skammar med mi von! | Uphold me according unto thy word, that I may live: and let me not be ashamed of my hope. |
| 117 | Haldt meg uppe, so eg kann verta frelst! So vil eg alltid sjå med lyst på dine fyreskrifter. | Hold thou me up, and I shall be safe: and I will have respect unto thy statutes continually. |
| 118 | Du agtar for inkje alle deim som fer vilt frå dine fyreskrifter; for deira svik er fåfengd. | Thou hast trodden down all them that err from thy statutes: for their deceit is falsehood. |
| 119 | Som slagg kastar du burt alle ugudlege på jordi; difor elskar eg dine vitnemål. | Thou puttest away all the wicked of the earth like dross: therefore I love thy testimonies. |
| 120 | Eg rys i holdet av rædsla for deg, og for dine domar ottast eg. | My flesh trembleth for fear of thee; and I am afraid of thy judgments. |
| 121 | Eg hev gjort rett og rettferd, du vil ikkje gjeva meg yver til deim som trykkjer meg. | I have done judgment and justice: leave me not to mine oppressors. |
| 122 | Gakk i borg for tenaren din, so det må ganga honom vel! lat ikkje dei ovmodige trykkja meg! | Be surety for thy servant for good: let not the proud oppress me. |
| 123 | Augo mine naudstundar etter di frelsa og etter ditt rettferdsord. | Mine eyes fail for thy salvation, and for the word of thy righteousness. |
| 124 | Gjer med din tenar etter di miskunn og lær meg dine fyreskrifter! | Deal with thy servant according unto thy mercy, and teach me thy statutes. |
| 125 | Eg er din tenar; gjev meg vit, so eg kann kjenna dine vitnemål! | I am thy servant; give me understanding, that I may know thy testimonies. |
| 126 | Det er tid for Herren til å gripa inn, dei hev brote di lov. | It is time for thee, Lord, to work: for they have made void thy law. |
| 127 | Difor elskar eg dine bodord meir enn gull, ja, meir enn fint gull. | Therefore I love thy commandments above gold; yea, above fine gold. |
| 128 | Difor held eg alle fyresegner um alle ting for rette; eg hatar kvar lygnestig. | Therefore I esteem all thy precepts concerning all things to be right; and I hate every false way. |
| 129 | Underfulle er dine vitnemål, difor tek mi sjæl vare på deim. | Thy testimonies are wonderful: therefore doth my soul keep them. |
| 130 | Når ordi dine opnar seg, gjev dei ljos, og dei gjer dei einfalde kloke. | The entrance of thy words giveth light; it giveth understanding unto the simple. |
| 131 | Eg let munnen upp og sukka av lengting; for etter dine bodord stunda eg. | I opened my mouth, and panted: for I longed for thy commandments. |
| 132 | Vend deg til meg og ver meg nådig, som rett er mot deim som elskar ditt namn! | Look thou upon me, and be merciful unto me, as thou usest to do unto those that love thy name. |
| 133 | Gjer mine stig faste ved ditt ord, og lat ingen urett råda yver meg! | Order my steps in thy word: and let not any iniquity have dominion over me. |
| 134 | Løys du meg ut or menneskjevald! So vil eg halda dine fyresegner. | Deliver me from the oppression of man: so will I keep thy precepts. |
| 135 | Lat di åsyn lysa på din tenar, og lær meg dine fyreskrifter! | Make thy face to shine upon thy servant; and teach me thy statutes. |
| 136 | Vatsbekkjer renn or augo mine, av di folk ikkje held di lov. | Rivers of waters run down mine eyes, because they keep not thy law. |
| 137 | Rettferdig er du, Herre, og rette er dine domar. | Righteous art thou, O Lord, and upright are thy judgments. |
| 138 | Du hev fyreskrive dine vitnemål i rettferd og i stor truskap. | Thy testimonies that thou hast commanded are righteous and very faithful. |
| 139 | Min brennhug hev tært meg upp, av di mine motstandarar hev gløymt dine ord. | My zeal hath consumed me, because mine enemies have forgotten thy words. |
| 140 | Ditt ord er vel reinsa, og din tenar elskar det. | Thy word is very pure: therefore thy servant loveth it. |
| 141 | Liten er eg og vanvyrd; dine fyresegner hev eg ikkje gløymt. | I am small and despised: yet do not I forget thy precepts. |
| 142 | Di rettferd er ei æveleg rettferd, og di lov er sanning. | Thy righteousness is an everlasting righteousness, and thy law is the truth. |
| 143 | Naud og trengsla fann meg; dine bodord er mi lyst. | Trouble and anguish have taken hold on me: yet thy commandments are my delights. |
| 144 | Rettferdige er dine vitnemål til æveleg tid; gjev meg skyn, so eg kann liva! | The righteousness of thy testimonies is everlasting: give me understanding, and I shall live. |
| 145 | Eg ropar av alt mitt hjarta, svara meg, Herre! Dine fyreskrifter vil eg taka vare på. | I cried with my whole heart; hear me, O Lord: I will keep thy statutes. |
| 146 | Eg ropar til deg, frels meg! so vil eg halda dine vitnemål. | I cried unto thee; save me, and I shall keep thy testimonies. |
| 147 | Tidleg i dagningi var eg uppe og ropa um hjelp; eg venta på ditt ord. | I prevented the dawning of the morning, and cried: I hoped in thy word. |
| 148 | Mine augo var uppe fyre nattevakterne, so eg kunde grunda på ditt ord. | Mine eyes prevent the night watches, that I might meditate in thy word. |
| 149 | Høyr mi røyst etter di miskunn, Herre, haldt meg i live etter dine domar! | Hear my voice according unto thy lovingkindness: O Lord, quicken me according to thy judgment. |
| 150 | Dei er nær som renner etter ugjerning; frå di lov er dei langt burte. | They draw nigh that follow after mischief: they are far from thy law. |
| 151 | Du er nær, Herre, og alle dine bodord er sanning. | Thou art near, O Lord; and all thy commandments are truth. |
| 152 | Longe sidan veit eg av dine vitnemål, at du hev grunnfest deim i all æva. | Concerning thy testimonies, I have known of old that thou hast founded them for ever. |
| 153 | Sjå til mi djupe naud og fria meg ut! For di lov hev eg ikkje gløymt. | Consider mine affliction, and deliver me: for I do not forget thy law. |
| 154 | Før mi sak, og løys meg ut, haldt meg i live etter ditt ord! | Plead my cause, and deliver me: quicken me according to thy word. |
| 155 | Frelsa er langt frå dei ugudlege, for dine fyreskrifter spør dei ikkje etter. | Salvation is far from the wicked: for they seek not thy statutes. |
| 156 | Di miskunn er stor, Herre; haldt meg i live etter dine domar! | Great are thy tender mercies, O Lord: quicken me according to thy judgments. |
| 157 | Mange er dei som forfylgjer meg og stend meg imot; frå dine vitnemål hev eg ikkje vike. | Many are my persecutors and mine enemies; yet do I not decline from thy testimonies. |
| 158 | Eg såg dei utrue og fekk uhug, av di dei ikkje heldt ditt ord. | I beheld the transgressors, and was grieved; because they kept not thy word. |
| 159 | Sjå at eg hev elska dine fyresegner! Herre, haldt meg i live etter di miskunn! | Consider how I love thy precepts: quicken me, O Lord, according to thy lovingkindness. |
| 160 | Summen av ditt ord er sanning, og æveleg stend all di rettferds lov. | Thy word is true from the beginning: and every one of thy righteous judgments endureth for ever. |
| 161 | Hovdingar forfylgde meg utan orsak, men mitt hjarta ottast dine ord. | Princes have persecuted me without a cause: but my heart standeth in awe of thy word. |
| 162 | Eg gled meg yver ditt ord, som når ein finn mykje herfang. | I rejoice at thy word, as one that findeth great spoil. |
| 163 | Lygn hev eg hata og havt stygg til; di lov hev eg elska. | I hate and abhor lying: but thy law do I love. |
| 164 | Sju gonger um dagen hev eg lova deg for dine rettferdige domar. | Seven times a day do I praise thee because of thy righteous judgments. |
| 165 | Mykje fred hev dei som elskar di lov, og ingen støyt fær deim til fall. | Great peace have they which love thy law: and nothing shall offend them. |
| 166 | Eg hev venta på di frelsa, Herre, og dine bodord hev eg halde. | Lord, I have hoped for thy salvation, and done thy commandments. |
| 167 | Mi sjæl hev halde dine vitnemål, og eg elska deim mykje. | My soul hath kept thy testimonies; and I love them exceedingly. |
| 168 | Eg hev halde dine fyresegner og dine vitnemål, for alle mine vegar er for di åsyn. | I have kept thy precepts and thy testimonies: for all my ways are before thee. |
| 169 | Lat mitt klagerop koma fram for di åsyn, Herre! Gjev meg skyn etter ditt ord. | Let my cry come near before thee, O Lord: give me understanding according to thy word. |
| 170 | Lat mi bøn koma for di åsyn! Frels meg etter ditt ord! | Let my supplication come before thee: deliver me according to thy word. |
| 171 | Mine lippor skal fløda yver av lovsong, for du lærer meg dine fyreskrifter; | My lips shall utter praise, when thou hast taught me thy statutes. |
| 172 | Mi tunga skal syngja um ditt ord; for alle dine bodord er rettferd. | My tongue shall speak of thy word: for all thy commandments are righteousness. |
| 173 | Lat di hand vera meg til hjelp! for dine fyresegner hev eg valt ut. | Let thine hand help me; for I have chosen thy precepts. |
| 174 | Eg lengtar etter di frelsa, Herre, og di lov er mi lyst. | I have longed for thy salvation, O Lord; and thy law is my delight. |
| 175 | Lat mi sjæl leva og lova deg, og lat dine domar hjelpa meg! | Let my soul live, and it shall praise thee; and let thy judgments help me. |
| 176 | Eg hev fare vilt; leita upp din tenar som ein burtkomen sau! for dine bodord hev eg ikkje gløymt. | I have gone astray like a lost sheep; seek thy servant; for I do not forget thy commandments. |
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗
King James Version — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: GPL