로그인

시편 120편 Studentmållagsbibelen frå 1921

Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 7절

  1. 1 Ein song til høgtidsferderne. Til Herren ropa eg i mi naud, og han svara meg.
  2. 2 Herre, frels mi sjæl frå ljugarlippa, frå den falske tunga!
  3. 3 Kva skal han gjeva deg, og kva meir skal han gjeva deg, du falske tunga?
  4. 4 Kveste piler til ei kjempa og gløder av einebuska.
  5. 5 Usæl eg, som framand er imillom Mesek, og bur ved Kedars tjeld!
  6. 6 Lenge nok hev sjæli mi butt hjå deim som hatar fred.
  7. 7 Eg er berre fred, men når eg talar, er dei ferdige til strid.

Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗