시편 108편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 13절
- 1 Ein song, ein salme av David.
- 2 Mitt hjarta er roleg, Gud, eg vil syngja og lovsyngja, ja, det skal mi æra.
- 3 Vakna, harpa og cither! eg vil vekkja morgonroden.
- 4 Eg vil prisa deg millom folki, Herre, eg vil lovsyngja deg millom folkeslagi.
- 5 For di miskunn er stor yver himmelen, og din truskap til dei høge skyer.
- 6 Gud, syn deg høg yver himmelen, og di æra yver heile jordi!
- 7 At dei du elskar må verta frelste, hjelp oss med di høgre hand og bønhøyr oss!
- 8 Gud hev tala i sin heilagdom. «Eg vil gleda meg, eg vil skifta ut Sikem, og Sukkotdalen vil eg mæla.
- 9 Meg høyrer Gilead til, meg høyrer Manasse til, og Efraim er verja for mitt hovud, Juda er min førarstav.
- 10 Moab er mitt vaskefat, på Edom kastar eg skoen min, for Filistarland set eg i med fagnadrop.»
- 11 Kven vil føra meg til den faste by? Kven leider meg til Edom?
- 12 Hev ikkje du, Gud, støytt oss burt? og du, Gud, gjeng ikkje ut med våre herar.
- 13 Gjev oss hjelp mot fienden! for mannehjelp er fåfengd. Med Guds hjelp skal me gjera storverk, og han skal treda ned våre fiendar.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗