시편 107편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 43절
- 1 Prisa Herren, for han er god, for æveleg varer hans miskunn!
- 2 So segjer Herrens utløyste, som han hev løyst ut or naudi,
- 3 som han hev sanka i hop frå landi, frå aust og frå vest, frå nord og frå havet.
- 4 Dei for vilt i øydemarki, i vegløysa, dei fann ingen by til å bu i.
- 5 Hungrige og tyrste var dei, deira sjæl vanmegtast i deim.
- 6 Då ropa dei til Herren i si naud, or deira trengslor fria han deim ut,
- 7 og han førde deim på rett veg, so dei gjekk til ein by dei kunde bu i.
- 8 Dei skal prisa Herren for hans miskunn og for hans under mot menneskjeborni,
- 9 for han metta den tyrste sjæl, og den hungrige sjæl fyllte han med godt.
- 10 Dei sat i myrker og daudeskugge, bundne i stakarsdom og jarn,
- 11 av di dei hadde tråssa mot Guds ord og vanvyrdt råderne frå den Høgste.
- 12 Og han bøygde deira hjarto med liding, dei snåva, og der var ingen hjelpar.
- 13 Då ropa dei til Herren i si naud, frå deira trengslor frelste han deim.
- 14 Han førde deim ut or myrker og daudeskugge, og deira band reiv han sund.
- 15 Dei skal prisa Herren for hans miskunn og for hans under mot menneskjeborni;
- 16 for han krasa koparportar og hogg sund jarnbommar.
- 17 Dårar var dei for sin brotsveg, og for sine misgjerningar vart dei plåga.
- 18 Deira sjæl vart leid av all mat, og dei kom nær til daudens portar.
- 19 Då ropa dei til Herren i si naud; frå deira trengslor frelste han deim.
- 20 Han sende sitt ord og lækte deim og berga deim frå deira graver.
- 21 Dei skal prisa Herren for hans miskunn og for hans under mot menneskjeborni
- 22 og ofra takkoffer og fortelja um hans verk med fagnad.
- 23 Dei som for ut på havet med skip, og som dreiv handel på dei store vatni,
- 24 dei såg Herrens gjerningar og hans underverk på djupet.
- 25 Han tala og let det koma ein stormvind, og denne reiste havsens bylgjor.
- 26 Dei for upp imot himmelen, dei for ned i djupi, deira sjæl miste modet i ulukka.
- 27 Dei raga og tumla som drukne, og all deira visdom vart til inkjes.
- 28 Då ropa dei til Herren i si naud, or deira trengslor førde han deim ut.
- 29 Han let storm verta til stilla, og bylgjorne kringum deim tagna.
- 30 Og dei vart glade då dei lagde seg, og han førde deim til den hamni dei ynskte.
- 31 Dei skal prisa Herren for hans miskunn og for hans under mot menneskjeborni
- 32 og høglova honom i folkesamling og lovsyngja honom der dei gamle sit saman.
- 33 Han gjorde elvar til ei øydemark og vatskjeldor til eit turrlende,
- 34 fruktsamt land til ei saltheid, for deira vondskap skuld, som budde der.
- 35 Han gjorde øydemark til innsjø og turrlende til vatskjeldor.
- 36 Og han let hungrige bu der, og dei bygde ein by til å bu i.
- 37 Og dei sådde åkrar og planta vinhagar, og dei fekk grøda til å hausta.
- 38 Og han velsigna deim, og dei auka mykje, og av fe gav han deim ikkje lite.
- 39 So minka dei att og vart nedbøygde av trykk og trengsla og sorg.
- 40 Han som renner ut vanvyrdnad yver hovdingar og let deim villast i veglaus øydemark,
- 41 han lyfte upp den fatige or vesaldomen og auka ætterne som ei hjord.
- 42 Dei ærlege ser det og gled seg, og all vondskap let att sin munn.
- 43 Den som er vis, han gjeve gaum etter dette, og dei må merke Herrens nådegjerningar.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗