시편 109편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 31절
- 1 Til songmeisteren; av David, ein salme. Min lovsongs Gud, teg ikkje!
- 2 For dei hev late upp sin ugudlege og falske munn imot meg, dei hev tala imot meg med ljugartunga.
- 3 Med hatfulle ord hev dei kringsett meg og ført strid imot meg utan årsak.
- 4 Til løn for min kjærleik stod dei imot meg, endå eg berre bed,
- 5 dei hev lagt vondt yver meg til løn for godt og hat til løn for min kjærleik.
- 6 Set ein ugudleg yver honom, og lat ein klagar standa ved hans høgre hand!
- 7 Når han vert dømd, lat honom ganga skuldig ut, og lat hans bøn verta til synd!
- 8 Lat hans dagar verta få, lat ein annan få hans embætte!
- 9 Lat hans born verta farlause og kona hans enkja!
- 10 Lat hans born flakka ikring og beda seg, lat deim ganga som tiggarar frå sin øydelagde heim!
- 11 Lat okerkallen leggja snara um all hans eigedom, og framande plundra hans avling!
- 12 Lat ingen finnast som hyser miskunn imot honom, og ingen som ynkast yver hans farlause born!
- 13 Lat hans etterkomarar ganga til grunnar og deira namn verta utstroke i næste ættled!
- 14 Hans fedra skuld vere i minne hjå Herren, og syndi åt mor hans verte ikkje utstroki!
- 15 Dei vere alltid for Herrens åsyn, og han rydje deira minne ut av jordi,
- 16 av di han ikkje kom i hug å gjera miskunn, men forfylgde ein arm og fatig mann, og ein hjarteskræmd og vilde drepa honom.
- 17 Han elska forbanning, og denne kom yver honom, han lika ikkje velsigning, og denne kom langt burt frå honom.
- 18 Han klædde seg i forbanning som sitt klædeplagg, og ho trengde som vatn inn i hans liv, og som olje i hans bein.
- 19 Lat henne verta honom til ei kåpa som han sveiper seg i, og til eit belte som han alltid bind um seg!
- 20 Dette vere løni frå Herren åt mine motstandarar, og åt deim som talar vondt imot mi sjæl!
- 21 Og du, Herre, Herre, gjer vel imot meg for ditt namn skuld, etter som di miskunn er god, so berga meg!
- 22 For arm og fatig er eg, og mitt hjarta er gjenomstunge i meg.
- 23 Som ein skugge når han lengjest, kverv eg burt, eg vert jaga burt som ein grashopp.
- 24 Mine kne er ustøde av fasta, og holdet mitt misser feita.
- 25 Og eg hev vorte til spott for deim; når dei ser meg, rister dei på hovudet.
- 26 Hjelp meg, Herre min Gud, frels meg etter di miskunn!
- 27 so dei må kjenna, at dette er di hand, at du, Herre, hev gjort det.
- 28 Dei forbannar, men du velsignar, dei stend upp, men vert skjemde, og din tenar gled seg.
- 29 Mine motstandarar skal klæda seg i skjemsla og sveipa seg i si skam som i ei kåpa.
- 30 Eg vil takka Herren storleg med min munn, og midt imillom mange vil eg lova honom.
- 31 For han stend på høgre sida åt den fatige til å frelsa honom frå deim som dømer hans sjæl.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗