마태복음 27장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 마태복음 (Matthew) · 66절
- 1 Det var morgon vorte då alle dei øvste prestarne og styresmennerne sagde daudedomen yver Jesus.
- 2 So batt dei honom og førde honom burt og gav honom yver til Pilatus, landshovdingen.
- 3 Då Judas, svikaren, såg at dei hadde dømt Jesus frå livet, angra han på det han hadde gjort. Han bar dei tretti sylvdalarne attende til dei øvste prestarne og styresmennerne og sagde:
- 4 «Eg hev synda! Det var skuldlaust blod eg gav yver til dykk.» «Kva skil det oss? Det vert di eigi sak,» svara dei.
- 5 Då kasta han pengarne frå seg i templet og tok ut; og sidan gjekk han burt og hengde seg upp.
- 6 Dei øvste prestarne tok pengarne og sagde: «Det er ’kje rett å leggja deim i tempelkista; for det er blodpengar.»
- 7 So tok dei den rådi at dei for desse pengarne kjøpte Pottemakaråkeren til gravstad for framande.
- 8 Difor hev den åkeren vore kalla Blodåkeren alt til denne dag.
- 9 Då vart det sanna det som Jeremia, profeten, hev tala, når han segjer: «So tok dei desse tretti sylvdalarn’ - det var det verd dei hadde sett han i, han som dei verdsette for Israel -
- 10 for Pottemakargården dei det gav, soleis som Herren hadde sagt meg til.»
- 11 So vart då Jesus førd fram for landshovdingen. Og landshovdingen spurde honom: «Er det du som er konge yver jødarne?» «Du segjer det sjølv,» sagde Jesus.
- 12 Men då dei øvste prestarne og styresmennerne kom med klagemåli sine, svara han ingen ting.
- 13 Då sagde Pilatus til honom: «Høyrer du ikkje alt det dei skuldar deg for?»
- 14 Men han svara honom ikkje på eit einaste ord, so landshovdingen undra seg storleg.
- 15 Kvar høgtid hadde landshovdingen for vis å gjeva folket ein fange fri, kven dei vilde.
- 16 Den gongen hadde dei ein ordgjeten fange som heitte Barabbas.
- 17 Då dei no hadde samla seg, sagde Pilatus til deim: «Kven vil de eg skal gjeva dykk fri, Barabbas eller Jesus, han som dei kallar Messias?»
- 18 For han visste at det var av ovund dei hadde gjeve Jesus yver til honom.
- 19 Og med han sat i domarsætet, sende kona hans bod til honom og sagde: «Du skal ikkje hava noko med saki mot denne rettferdige mannen! Eg hev drøymt so vondt i natt for hans skuld.»
- 20 Men dei øvste prestarne og styresmennerne talde folket til å beda Barabbas fri og lata Jesus drepast.
- 21 Og då landshovdingen tok til ords att og spurde: «Kven av desse tvo vil de eg skal gjeva dykk fri?» svara dei: «Barabbas!»
- 22 «Kva skal eg då gjera med Jesus, han som dei kallar Messias?» sagde han. Då svara deim alle: «Lat honom verta krossfest!»
- 23 «Kva vondt hev han då gjort?» sagde Pilatus. Men dei ropa berre sterkare og sterkare: «Lat honom verta krossfest!»
- 24 Då Pilatus såg at han ingen ting kunde gjera, men ståket heller vart verre, tok han vatn og tvo henderne sine midt for augo på folkehopen og sagde: «Eg hev ingi skuld i blodet åt denne rettferdige mannen. Dette lyt de svara for!»
- 25 Då svara heile folket: «Blodet hans må koma yver oss og yver borni våre!»
- 26 So gav han deim Barabbas fri, men Jesus let han piska, og gav honom yver til hermennerne sine, so dei skulde krossfesta honom.
- 27 Hermennerne åt landshovdingen tok Jesus med seg inn i borgi og samla heile vakti kringum honom.
- 28 So klædde dei av honom, og hengde på honom ei skarlakskåpa,
- 29 og dei fletta ein krans av klunger og sette på hovudet hans, og gav honom ein røyrstav i høgre handi. Med so gjort, fall dei på kne for honom spotta honom og sagde: «Heil deg, jødekonge!»
- 30 So sputta dei på honom, og tok røyrstaven og slo honom i hovudet med,
- 31 og då dei hadde spotta honom det dei vilde, tok dei av honom kåpa og hadde på honom hans eigne klæde, og so førde dei honom burt og skulde krossfesta honom.
- 32 På vegen møtte dei ein mann frå Kyrene som heitte Simon. Honom nøydde dei til å bera krossen hans.
- 33 Då dei so kom til ein stad som heiter Golgata - det er det same som Skallestaden -
- 34 gav dei honom vin blanda med gall; men då han hadde smaka på det, vilde han ikkje drikka.
- 35 So feste dei honom til krossen. Klædi hans bytte dei millom seg, og drog strå um deim,
- 36 og so vart dei sitjande der og heldt vakt yver honom.
- 37 Og uppyver hovudet hans hadde dei skrive klagemålet mot honom; det lydde so: Dette er Jesus, kongen yver jødarne.
- 38 Saman med honom vart tvo røvarar krossfeste, ein på høgre og ein på vinstre sida.
- 39 Dei som gjekk framum, hædde honom og riste på hovudet og sagde:
- 40 «Du som riv ned templet og byggjer det upp att på tri dagar, hjelp deg no sjølv! Er du Guds Son, so stig ned av krossen!»
- 41 Sameleis spotta dei honom, både dei øvste prestarne og dei skriftlærde og styresmennerne, og sagde:
- 42 «Andre hev han hjelpt, seg sjølv kann han ikkje hjelpa! Han er konge i Israel! Lat honom no stiga ned av krossen, so skal me tru på honom.
- 43 Han leit på Gud; lat no Gud berga honom, dersom han bryr seg um honom! Han hev då sagt: «Eg er Guds Son!»»
- 44 Jamvel røvarane som var krossfeste saman med honom, spotta på same visi.
- 45 Frå den sette timen vart det myrkt yver heile landet, alt til den niande timen.
- 46 Og kring den niande timen ropa Jesus med høg røyst og sagde: «Eli, Eli, lama sabaktani!» Det er det same som: «Min Gud, min Gud, kvi hev du forlate meg?»
- 47 Då sagde nokre av deim som stod der og høyrde det: «Han ropar på Elia.»
- 48 Og med det same sprang ein av deim fram og tok ein svamp og fyllte med vineddik og sette på ein tein, og let honom få drikka.
- 49 Men dei hine sagde: «Venta! Lat oss sjå um Elia kjem og hjelper honom!»
- 50 Og Jesus ropa endå ein gong med høg røyst, og gav ut åndi.
- 51 Då rivna forhenget i templet midt i tvo, ovantil og heilt ned, og jordi skalv og bergi brast,
- 52 og graverne opna seg, og mange avlidne heilagmenne stod livs livande upp
- 53 og dei gjekk fram or graverne, og etter Jesus hadde stade upp att, kom dei inn i den heilage staden og synte seg for mange.
- 54 Då hovudsmannen og dei som var med honom og heldt vakt yver Jesus, såg jordskjelven og alt det som hende, vart dei fulle av otte og sagde: «Dette var sanneleg Guds Son!»
- 55 Det var og mange kvinnor der, som stod eit stykke undan og såg på; dei hadde fylgt Jesus frå Galilæa og tent honom.
- 56 Millom deim var Maria Magdalena, og Maria, mor åt Jakob og Josef, og mor åt Sebedæus-sønerne.
- 57 Um kvelden kom det ein rik mann som heitte Josef, og var frå Arimatæa; han hadde og vorte ein læresvein åt Jesus.
- 58 Han gjekk til Pilatus og bad um han måtte få likamen åt Jesus; og Pilatus sende bod at dei skulde lata honom få han.
- 59 Då tok Josef likamen og sveipte honom inn i eit reint linty,
- 60 og lagde honom i den nye gravi som han hadde hogge ut åt seg i berget. So velte han ein stor stein attfor gravopningi og gjekk burt.
- 61 Maria Magdalena og den andre Maria var der og; dei sat midt fyre gravi.
- 62 Den andre dagen - det var den som kjem etter fyrebuingsdagen - gjekk dei øvste prestarne og farisæarane saman til Pilatus
- 63 og sagde: «Herre, me kjem i hug at denne folkedåraren sagde med han livde: «Tri dagar etter stend eg upp att.»
- 64 Set no folk til å vakta vel på gravi til tridje dagen! Elles kunde læresveinarne hans koma og stela honom burt, og segja til folket: «Han hev stade upp frå dei daude,» og då vert den siste dåringi verre enn den fyrste.»
- 65 Då sagde Pilatus: «Her hev de vakt! Gakk no og tak vare på gravi som de best kann!»
- 66 So gjekk dei og sette vakti til å varveitsla gravi, etter dei hadde forsigla steinen.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗