마태복음 26장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 마태복음 (Matthew) · 75절
- 1 Då Jesus hadde tala alle desse ordi, sagde han til læresveinarne:
- 2 «De veit at um tvo dagar er det påske; då skal Menneskjesonen gjevast i henderne på uvenerne sine, og dei skal krossfesta honom.»
- 3 Då var det dei øvste prestarne og styresmennerne for folket kom saman i garden åt øvstepresten - han heitte Kajafas -
- 4 og lagde yver at dei vilde gripa Jesus med list og slå honom i hel.
- 5 «Men ikkje med helgi!» sagde dei; «elles kunde det verta upplaup millom folket.»
- 6 Medan Jesus var i Betania, hjå Spilte-Simon,
- 7 kom det ei kvinna burt til honom med ei alabaster-krukka full av kosteleg salve; den helte ho ut på hovudet hans då han sat til bords.
- 8 Då læresveinarne såg det, vart dei harme og sagde: «Kva skal slik øyding vera til?
- 9 Dette kunde vore selt for mange pengar og gjeve til dei fatige.»
- 10 Jesus gådde det og sagde til deim: «Kvi er de leide med henne? Ho hev då gjort ei god gjerning mot meg.
- 11 Dei fatige hev de alltid hjå dykk, men meg hev de ikkje alltid.
- 12 Då ho slo denne salven ut yver likamen min, då vilde ho bu meg til jordferdi mi.
- 13 Det segjer eg dykk for visst: Kvar i verdi dette evangeliet vert kunngjort, der skal dei og tala um det ho hev gjort, so alle skal minnast henne.»
- 14 Då gjekk ein av dei tolv, han som heitte Judas Iskariot, til dei øvste prestarne
- 15 og sagde: «Kva vil de gjeva meg, so skal eg laga det so at de fær honom i dykkar magt?» Då talde dei upp tretti sylvdalar til honom.
- 16 Og frå den stundi søkte han eit høve til å gjeva Jesus i henderne deira.
- 17 Den fyrste dagen i søtebrødhelgi kom læresveinarne til Jesus og sagde: «Kvar vil du me skal laga til påskemålet åt deg?»
- 18 Han svara: «Gakk inn i byen til den mannen de veit, og seg med honom: «Meisteren segjer: Det lid innpå tidi for meg; eg vil halda påske hjå deg med læresveinarne mine.»»
- 19 Og læresveinarne gjorde som Jesus sagde, og laga til påskemålet.
- 20 Då det vart kveld, sette han seg til bords med dei tolv.
- 21 Og med dei sat og åt, sagde han: «Det segjer eg dykk for sant: Ein av dykk kjem til å svika meg.»
- 22 Då vart dei reint ille ved, og tok til å spyrja honom, kvar for seg: «Det er då vel ikkje eg, Herre?»
- 23 «Den som duppa med meg i fatet, han er det som vil svika meg,» svara Jesus.
- 24 «Menneskjesonen gjeng fulla burt, soleis som det er skrive um honom, men ve yver den mannen som svik Menneskjesonen! Det var betre for den mannen um han aldri var fødd.»
- 25 Då tok Judas, svikaren, til ords og sagde: «Det er då vel ikkje eg, rabbi?» «No sagde du det sjølv,» svara han.
- 26 Med dei sat til bords, tok Jesus brødet, og signa det og braut det, og gav læresveinarne og sagde: «Tak, og et! Dette er likamen min.»
- 27 Og han tok kalken, og takka, og gav deim og sagde: «Drikk av det alle!
- 28 Dette er blodet mitt, paktblodet, som renn for mange til forlating for synderne.
- 29 Eg segjer dykk, at heretter skal eg ’kje drikka av denne druvesafti, fyrr den dagen eg drikk henne ny med dykk i riket åt far min.»
- 30 Då dei so hadde sunge lovsongen, gjekk dei ut til Oljeberget.
- 31 Då segjer Jesus til deim: «I denne natti kjem de alle til å styggjast ved meg og forlata meg. For det stend skrive: «Hyrdingen slær eg i hel, og saueflokken skal spreidast.»
- 32 Men når eg hev stade upp att, skal eg fara fyre dykk til Galilæa.»
- 33 Då tok Peter til ords og sagde: «Um alle styggjest ved deg, so skal eg aldri styggjast.»
- 34 «Det segjer eg deg for sant,» svara Jesus: «Fyrr hanen gjel i natt, kjem du til å avneitta meg tri gonger.»
- 35 Men Peter sagde: «Um eg so lyt døy med deg, skal eg aldri avneitta deg.» Like eins sagde alle læresveinarne.
- 36 So kom Jesus med læresveinarne til ein stad som heiter Getsemane. Då sagde han til deim: «Sit her med eg gjeng der burt og bed!»
- 37 Og han tok med seg Peter og båe Sebedæus-sønerne, og tok til å syrgja og kvidast.
- 38 So segjer han til deim: «Hjarta mitt er so fullt av sorg - det er som det vilde bresta. Ver her og vak med meg!»
- 39 Og han gjekk eit lite stykke fram, og lagde seg ned på kne og bad: «Far, er det råd, so lat denne skåli takast ifrå meg! Men ikkje som eg vil, berre som du vil!»
- 40 Då han kom attende til læresveinarne, såg han at dei sov. Då sagde han til Peter: «So var de ’kje god til å vaka ein time med meg!
- 41 Vak og bed, so de ikkje skal koma i freisting! Åndi er viljug, men kjøtet er veikt.»
- 42 So gjekk han burt att andre gongen og bad: «Far, kann ikkje dette takast ifrå meg, og lyt eg tøma skåli, so lat det vera som du vil!»
- 43 Då han kom attende, såg han at dei hadde sovna til att; for augo deira var tunge av svevn.
- 44 Då let han dei vera og gjekk burt att og bad tridje gongen same bøni.
- 45 So kom han att og sagde til læresveinarne: «De søv og kviler, de! Sjå no er stundi komi, og Menneskjesonen skal gjevast yver i syndarhender.
- 46 Statt upp, og lat oss ganga! Svikaren er ikkje langt undan.»
- 47 Fyrr han hadde tala ut, kom Judas, ein av dei tolv, og med honom ein stor flokk med sverd og stavar; dei kom frå dei øvste prestarne og styresmennerne.
- 48 Svikaren hadde avtala eit teikn med deim og sagt: «Han som eg kysser, han er det; honom skal de taka!»
- 49 Og med det same gjekk han fram til Jesus og sagde: «Heil og sæl, rabbi!» og kysste honom.
- 50 Jesus sagde til honom: «Kvi er du her, venen min?» So gjekk dei innåt og lagde hand på Jesus og greip honom.
- 51 Men ein av deim som var med honom, tok og drog sverdet sitt, og hogg av øyra på tenaren åt øvstepresten.
- 52 Då sagde Jesus til honom: «Stikk sverdet ditt i slira! for alle som grip til sverdet, skal falla for sverdet.
- 53 Eller trur du ’kje eg kunde beda far min, og han i denne stundi vilde senda meg meir enn tolv herar med englar?
- 54 Men korleis skulde då skrifterne sannast, dei som segjer at dette lyt henda?»
- 55 I same stundi sagde Jesus til flokken: «De kjem med sverd og stavar og grip meg, som eg skulde vera ein røvar. Dag etter dag sat eg i templet og lærde folket; då tok de meg ikkje.
- 56 Men alt dette hev hendt av di det laut sannast det som profetarne hev skrive.» Då tok alle læresveinarne ut, og rømde ifrå honom.
- 57 Dei som hadde gripe Jesus, førde honom til Kajafas, øvstepresten; der var dei skriftlærde og styresmennerne samla.
- 58 Peter fylgde eit langt stykke etter, og då han kom til garden åt øvstepresten, gjekk han inn og sette seg hjå tenarane - han vilde sjå korleis det gjekk.
- 59 Dei øvste prestarne og heile det Store Rådet leita etter range vitnemål mot Jesus, so dei kunde få dømt honom frå livet;
- 60 men endå mange falske vitne stod fram, fekk dei ikkje noko på honom. Endeleg kom det tvo som sagde:
- 61 «Denne mannen hev sagt: «Eg kann riva ned Guds tempel og byggja det upp att på tri dagar.»»
- 62 Og øvstepresten reiste seg og sagde til honom: «Svarar du inkje? Kva er det desse vitnar imot deg?»
- 63 Men Jesus tagde. Då tok øvstepresten til ords og sagde: «Ved den livande Gud - seg oss: Er du Messias, Guds Son?»
- 64 Og Jesus svara: «Du hev sjølv sagt det. Men det segjer eg dykk: Frå denne stundi skal de sjå Menneskjesonen sitja ved høgre handi åt Allmagti og koma i himmelskyerne.»
- 65 Då reiv øvstepresten sund klædi sine og sagde: «Han hev spotta Gud! Kva skal me med fleire vitne? No høyrde de gudsspottingi.
- 66 Kva meiner no de?» «Han er skuldig til å døy,» svara dei.
- 67 So sputta dei honom i andlitet og slo honom, sume med nevarne og sume med stavar,
- 68 og sagde: «Seg oss, Messias: Kven var det som slo deg?»
- 69 Medan sat Peter utanfor, i gardsromet. Då kom det ei tenestgjenta burt til honom og sagde: «Du var og med Jesus, galilæaren.»
- 70 Men han neitta so alle høyrde det, og sagde: «Eg veit ikkje kva du talar um.»
- 71 So gjekk han ut i portromet. Der fekk ei onnor gjenta sjå honom, og sagde til deim som var der: «Han var og med Jesus, nasaræaren.»
- 72 Då neitta han atter, og sagde med ein eid: «Eg kjenner ikkje den mannen.»
- 73 Eit lite bil etter kom dei som stod der innåt, og sagde til Peter: «Ja menn er du og ein av deim! Det kann ein høyra på målet ditt.»
- 74 Då sette han i og banna og svor: «Eg kjenner ikkje den mannen!» Og med det same gol hanen.
- 75 Då kom Peter i hug dei ordi Jesus hadde sagt til honom: «Fyrr hanen gjel, skal du hava avneitta meg tri gonger.» Og han gjekk ut og gret sårt.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗